Mellomfornøgd NHO-president

Det er flott at regjeringa reduserer formuesskatten, men det må kome meir, seier NHO-president Tore Ulstein.

Tore Ulstein er president i NHO og styreleiar i Ulstein Group. 

Nyheter

Regjeringa legg i statsbudsjettet opp til å redusere formuesskatten frå éin prosent til 0,75 prosent.

NHO-president Tore Ulstein har følgd spent med på presentasjonen som regjeringa har hatt onsdag føremiddag.

– Dette er ein betydeleg reduksjon av formuesskatten. Men vi hadde nok forventa noko meir, særleg no når det er litt mørke skyer i horisonten, med lågare aktivitet i industrien, seier Ulstein til Smp.no.

– Det er særleg no, når det er snakk om oppseiingar, at det er behov for å styrke betingelsane for næringslivet. Og då er kutt i formuesskatten svært viktig, i ei tid med anstrengte marginar der det er vanskeleg å tene pengar, held Ulstein fram.

Mindre aksjonærar

Botnfrådraget aukar frå 1 til 1,2 millionar kroner. Dette er det mange mindre aksjonærar som får glede av.

– Auken i botnfrådraget utgjer svært mykje. Dette utgjer i overkant av ein milliard kroner mindre i skatteinntekter til staten. Så formuesskatten blir totalt sett redusert med i overkant av 30 prosent, seier direktør Knut E. Sunde i Norsk Industri til Smp.no.

Forpliktande plan

Sjølv med ein såpass stor reduksjon, forventar Tore Ulstein ein forpliktande plan frå regjeringa for vidare reduksjon av denne norske særskatten.

– Vi ventar ein plan for vidare nedtrapping i den resterande delen av perioden for regjeringa, seier NHO-presienten.

Nordvest

For Nordvestlandet med mykje industri som opererer internasjonalt er dette spesielt viktig.

– Dei vi konkurrerer mot i andre land har ikkje denne skatten, så det blir opplevd som skeivt. Mange av skipsverfta i Norge er eigd av norske eigarar, her har vi opplagt ei ulempe, seier Ulstein, som også er styreleiar i Ulstein Group.

– I vår region er det også svært mange små og mellomstore bedrifter, som heller vil utvikle bedrifta og bruke desse pengane til å sikre arbeidsplassar. Då er det spesielt viktig at ein får heilt fjerna heile formuesskatten i løpet av denne regjeringsperioden, seier Ulstein.