Sæterøy seier  at årsaka er intern usemje i lokalpartiet i ein del saker. Mellom anna ville ikkje partigruppa vere med på kuttforslaga i kommunebudsjettet  frå rådmannen, men det ville Sæterøy.

Han seier den interne usemja har vore tøff og det heile slit også på helsa.

Leiar i Sandøy Høgre, Jessica Gärtner, seier til avisa Nordre at ho respekterer Sæterøy om han kjenner at dette er tidspunktet for å gje seg.

Sæterøy vil fullføre perioden som ordførar. Han stiller altså ikkje til val i kommunalpolitikken, men går tilbake til jobben hos I.P. Huse i Steinshamn.

Høgre skal ha nominasjonsmøte 27. november.