• Se direktesending fra Mannen under artikkelen

Åknes/Tafjord Beredskap IKS står for overvaking av det rasutsette området ved Mannen i Rauma.

Det interkommunale selskapet med base i Stranda, overvakar også Åkerneset på vestsida av Sunnylvsfjorden og Hegguraksla på austsida av Tafjorden.

Trenar på tolking

Dagleg leiar Kjell Jogerud seier at selskapet no gjer seg nyttige erfaringar som dei vil ta med seg vidare i beredskapsarbeidet, for til dømes Åkerneset og Tafjord.

– Det er for så vidt akkurat det same, med unntak av at scenarioet vi ser føre oss i Åkerneset og Tafjord er større. Men no får vi trent på å vurdere og tolke fjellet, og vi får testa ut planar for informasjonsflyt og varsling av folk, seier Jogerud og legg til:

Det er sjefgeolog Lars Harald Blikra som har teke hovudtrykket i media, men Jogerud har ikkje sluppe heilt unna han heller.

Les også: Skrev limerick om Mannen

Roleg i Storfjorden

Sjølv om det ein no opplever i Rauma liknar på det ein vil kunne oppleve i Storfjorden, er det også skilnader. I Rauma er det ikkje snakk om å evakuere store deler av kommunen, slik som det kan måtte bli om områda i Stranda og Norddal tek til å røyve på seg.

– Alt er som normalt for årstida. I Åkerneset er det jamt og stabilt. I Tafjord kan ein knappast merke noko, seier Jogerud og legg til:

– Vi har registrert mykje nedbør på Åkerneset, men dette har ikkje verka inn med rørsle i fjellet.