Det planlagde klosteret har namnet «Det ortodokse hellige Sunniva Kloster».

– Dette er ei skisse som er laga for å ha eit utgangspunkt for ein diskusjon, seier Inger-Marie Aicher Olsrud hos Riksantikvaren og understrekar at skissa er svært førebels.

Ikkje tomt

Dei som står bak planane etablerte i sommar kloster i ei sjøbu i Moldefjorden i Selje. Dei har enno ikkje tomt på Selja, og det er ein lang prosess fram til eventuell realisering. Dette er det ortodokse klosteret klar over, men dei er bedne om å starte ein stad. Difor har dei fått utarbeidd skisse for prosjektet.

– Det tyder på at det er ein seriøs plan, og det er sikkert at dei ønskjer å etablere seg, seier Olsrud.Riksantikvaren er positiv til planane om kloster på Selja, men det blir ein diskusjon om lokalisering. Det er viktig at nybygg passar inn saman med kulturminneverdiane som det finst mange av på øya.

Ein annan stad på øya ligg det føre planar om eit katolsk kloster. Dei har allereie sikra tomt.

Lyset frå Selja

Det ortodokse klosteret er tenkt plassert på nordaustre del av øya, mellom pilegrimsleia og sjøen. Dette meiner ein vil vere ideelt både for å vere tilgjengeleg, synleg og ope. Det gir god visuell kontakt med lokalsamfunnet i Selje. Frå sentrum vil ein sjå lys på Selja.

Ein tenkjer seg eit anlegg organisert som fløyer rundt eit sentralt, lunt gardsrom der ein kan dyrke mat, lækjande urter og medisinar. Ein liten butikk, med varer frå klosteret blir det også lagt til rette for.

Byggetrinn

Selje kloster ligg om lag 800 meter vest for området. Det vil vere skjerma, men ein ønskjer å ha god kontakt med fastbuande og turistar.

Det ortodokse klosteret har stor arbeidskraft, og for å minimere dei finansielle utfordringane ønskjer dei ein bygning som kan oppførast på enkelt vis. Av antikvariske og økonomiske årsaker vil dei legge vekt på ein byggeprosess med minst muleg djupe og drastiske inngrep i terreng.

Ein vil også legge opp til fleire byggetrinn, der ein startar med kyrkjerom og ein stad å sove, samt sanitæranlegg. Matsal og arbeidsrom, buer og gjesterom kan bli utvikla over tid.