Møre bispedøme søkjer etter ny sokneprest i Ørsta etter at Kjersti Eide Torstrup slutta i stillinga i midten av november.

- Med heimel i arbeidsmiljølovas § 13-4, 2. ledd har Møre bispedømmeråd gjort vedtak om å stille særleg krav til at den som blir tilsett ikkje lever i sambuarskap, homofilt partnarskap eller likekjønna ekteskap. Opplysningar om samlivsform vil derfor kunne bli innhenta og vektlagt, heiter det i stillingsannonsa for å få tilsett ny sokneprest i Ørsta.

- Ein glipp, seier personalsjef Alice Elnes i Møre bispedøme til smp.no.

Det var avisa Mørenytt som først omtalte utlysinga av prestestillinga i søre Sunnmøre prosti.

Endra tekst

I følgje personalsjefen nytta ein gamalt annonsemateriell da ein lyste ut stillinga offentleg.

- Vi blei gjort merksam på feilen og endra teksten til "Med heimel i Arbeidsmiljølova § 13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt", seier Elnes.

- Betyr det på at homofile eller sambuarar no kan søke på stillinga?

- Nei, sjølv om teksten i annonsa er endra, så er haldninga til Møre bispedømeråd den same. Fleirtalet vil ikkje tilsetje nokon som lever i sambuarskap, homofilt partnarskap eller likekjønna ekteskap.

Annonseteksten som ligg på "Ledige stillingar" på Nav sine sider har framleis den originale teksten, opplyser Mørenytt.

Ørsta kyrkje. ARKIV Foto: Knut Arne Aarset