Torsdag skal Stranda vidaregåande skule markere at dei er blitt 40 år. Det gjer dei med mat.

– Det er viktig å markere dei jubilea som er. Vi er ein av dei minste vidaregåande skulane i Møre og Romsdal, og treng å fortelje at vi er her og at vi ser framover, seier entreprenørskapslærar Ole Bjørn Hjellegjerde.

Kantine

Vi sit i ei nyoppussa skulekantine, med møblar som ei ungdomsbedrift førre skuleår både designa, utvikla og leverte. Og fordi møblane vart laga i Kina, så drog elevar frå Stranda dit for å følgje produksjonen.

Denne hausten har entreprenørskapselevar ved skulen starta opp to tverrfaglege ungdomsbedrifter i lag med elevar på restaurant- og matfag.

Laks

Den eine bedrifta heiter Laksesnacks UB.

– Vi lanserer eit sunnare lunsjalternativ til ungdom. Og alle som så langt har fått smake det synest at det var godt, seier Kine Repvik.

– Vi serverer det med sunne grønsaker, og laks er jo spesielt sunt. For den inneheld omega 3, legg Krisada Janpram til.

Glutenfritt

Den andre ungdomsbedrifta, Glutenfri UB, skal utvikle nye produkt til glutenallerikarar:

– I dag er det til dømes ikkje råd å få tak i glutenfritt pitabrød. Heller ikkje kvitløksbagettar. Så det har vi laga, seier Steffen Melchior Ytterdal.

– Det er stor interesse for desse produkta. Så dette skal det vere mogleg å selje, trur Merete Vike Grønningsæter.

Samarbeid

Og skulen har alliert seg med dyktige, proffe aktørar. Laksesnacks UB samarbeider med Norsk Sjømat AS på Stranda, medan Glutenfri UB har eit samarbeid med Brisk Kompetansesenter i Ålesund, som også lagar glutenfri mat.

– Dessutan har vi fått låne ein gasspakkemaskin hos Tind Spekevarer AS på Stranda, slik at dei glutenfrie produkta kan seljast via netthandel, legg Ole Bjørn Hjellegjerde til.

Ole Bjørn Hjellegjerde er entreprenørskapslærar ved Stranda vidaregåande. Foto: Terje Engås
Glutenfri mat laga ved Stranda vidaregåande skule: Kvitløksbagettar – og smaksprøver av fiskegrateng. Foto: Terje Engås