Det er enorme mengder laks som dagleg rullar ut frå Marine Harvest sitt anlegg på Eggesbønes: 100.000 laksefiletar – i tillegg til store mengder rund fisk.

Marknaden for den bearbeidde laksen er mellom anna Polen, Tyskland, Frankrike, Japan, Singapore og Korea.

Av 209 fast tilsette på Eggesbønes jobbar rundt halvparten på filetavdelinga.

Uro

Marine Harvest har fått lov til å vekse seg store i Norge, mot strengare krav enn resten av næringa på mellom anna bearbeiding av fisken. I haust foreslo regjeringa å fjerne desse krava.

Enkelte meiner dette betyr at arbeidsplassane i filetavdelinga kan forsvinne ut av landet. Regiondirektør Per-Roar Gjerde seier det har oppstått ei uro blant tilsette på Marine Harvest.

Gjerde forsikrar derfor at arbeidsplassane på Eggesbønes er trygge.

Massiv investering

– Å flytte filetfabrikken ut av landet har vi ikkje ein gong vurdert. Vi ser ingen grunn til å gjere noko anna enn vi gjer i dag, seier regiondirektøren.

For Marine Harvest er Europa næraste marknad. I til dømes Polen er lønsutgiftene langt lågare. Men Gjerde er klar:

Dei har investert rundt 135 millionar kroner i filetavdelinga på Eggesbønes, og har tenkt å bli.

– Her får vi fisken inn blodfersk. Å filetere fisken heilt fersk er ei kvalitetssak.

Så i tilfelle må ein også flytte slakteriet og frakte fisken levande?

– Om ei samla norsk oppdrettsnæring skulle laste fisken i brønnbåtar – nei, det er ikkje teknologisk muleg.

Vil vekse meir

I staden legg regiondirektøren vekt på at filetavdelinga på Eggesbøneset er strategisk svært viktig for Marine Harvest, og at dei gjerne vil utnytte kapasiteten enno betre.

– Marine Harvest har ingen planar om å endre strukturen for vidareforedling, understrekar han.

– Men då betyr vel ikkje dagens eigarskapsbegrensing noko?

– Dette er ei særbegrensing for oppdrettsnæringa. Generelt ønskjer vi ikkje avgrensingar.

– Men i praksis betyr det vel ingenting?

– Kva som skjer ein gong i framtida veit vi jo ikkje, men det er ingenting i vår strategi som tilseier endringar.

Set dagens regelverk grenser for veksten?

– Ikkje slik det er utforma i dag.

Bør mangedoblast

I fileteringa har veksten vore eventyrleg på Eggesbønes, frå 540 tonn i 2004 til 35.300 tonn i fjor, og enno meir i år. Tett på halvparten av produksjonen blir bearbeidd.

– Og havet har rom for langt større matproduksjon enn i dag, den bør mangedoblast. Dette er verkeleg ei framtidsretta næring, seier Gjerde.

Det meste av året arbeider det to skift i filetavdelinga på Eggesbønes. Dagleg produserer dei 100.000 laksefiletar på det meste. Audrone Laucyte frå Litauen er ei av dei meir enn 100 tilsette på filetavdelinga. Foto: Arkivfoto/Anne-Mari Tomasgard