Ikkje alle er triste for at sjukehusdirektøren går av

Folkeaksjonen for Volda sjukehus meiner at Astrid Eidsvik har motarbeidd Volda sjukehus.

Astrid Eidsvik har fått mykje støtte ettar at ho trekte seg med umiddelbar verknad, men alle er ikkje triste etter avgjerda.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

I ein kronikk publisert i Møre Nytt kjem det fram at Folkeaksjonen for Volda sjukehus har ei rekke innvendingar mot Astrid Eidsvik, den administrerande direktøren i Helse Møre og Romsdal som torsdag trekte seg med umiddelbar verknad.


Leiar laurdag 06. desember 2014

Fingrane frå fatet

Mellom anna meiner Folkeaksjonen for Volda sjukehus at Eidsvik har «motarbeidd det gode Volda sjukehus på alle vis med stadige forslag og utgreiingar om nedlegging av funksjonar som fødeavdeling, akuttkirurgi og rehabilitering på Mork».

Eidsvik går på dagen

Astrid J. Eidsvik har sagt opp stillinga si som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal med umiddelbar verknad.

Ho får også kritikk av aksjonsgruppa for å vere sentraliseringsivrig.

Krev at helseministeren grip inn


Har full tillit til ledelsen i Helse Midt

Helseminister Bent Høie mener mistilliten legene ved sykehusene i Ålesund og Kristiansund har fremmet overfor direktøren i Helse Midt, er av en helt annen art enn den mistilliten Molde-legene fremmet - og som førte til at direktøren måtte gå.

Folkeaksjon for ETT sjukehus for Nordmøre og Romsdal reagerer på signal frå styreleiar i Helse Møre og Romsdal (Stein Kinserdal red. anm.) om at tomteval for det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal kan verte utsett etter at Eidsvik trekte seg, i ei pressemelding.

Til smp.no sa Kinsardal at han håpte at tomtevalet vert tatt som planlagt 17. desember.

No krev Folkeaksjon for ETT sjukehus for Nordmøre og Romsdal at helseminister Bent Høie grip inn og set tinga på plass.