Overlegane ved Kristiansund og Ålesund vurderer å stille mistillitsforslag til Bernd Müller, som både er hovudtillsvald for legane i Molde og foretakstillitsvald for alle legane i fylket, melder NRK Møre og Romsdal.

Margaret Sævik Lode, som er hovudtillitsvald for overlegane i Ålesund, meiner Müller er ein «Molde-mann» i sjukehussaka og stiller spørsmål ved om han klarar å vere nøytral.

– Dersom han skal halde fram med den posisjonen må han i alle fall vise tydeleg at han tek dette på alvor, og vil tale også saka for sjukehuset i Ålesund og pasientane i heile fylket, og ikkje berre sjukehuset i Molde. Mange stiller spørsmål ved om det er mogleg for han å klare det, seier Lode til kanalen.

Gjør som flere enn 20.000 andre - følg smp.no på Facebook

Etter det NRK kjenner til, er planen å stille ein ny kandidat i staden for Müller på eit møte 6. januar, og Lode fortel at ho jobbar med å finne ein eigna person.

Bernd Müller seier til NRK at spørsmålet om hans posisjon er ein diskusjon dei tillitsvalde skal ta internt.