– Bygg sjukehuset på Frei

– Det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal bør byggjast på Frei i Kristiansund. Dette er den beste løysinga for innbyggjarane i heile Møre og Romsdal.

Åtvarar: Asbjørn Rutgerson og Reidun Klock Tjervåg som sat i fylkestinget for Sunnmørslista, fryktar at det går føre seg ein omkamp med uredelege middel for å svekke sjukehuset i Ålesund til fordel for eit nytt i Molde. Dei meiner at sunnmørspolitikarane må vakne og støtte dei som arbeider for å få det nye sjukehuset til Kristiansund. 

– Sjukehussaka må utsetjast til vi veit kva som har gått føre seg

Asbjørn Rutgerson og Reidun K. Tjervåg
Fakta
  • Sjukehus er store arbeidsplassar som kjøper inn mykje varer og tenester.
  • Etter mykje strid vart det bestemt at det skal byggjast eitt nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.
  • Striden står om det nye sjukehuset skal kome i Molde eller i Kristiansund.
  • Det er krav om at saka vert utsett og at grunngjevinga til Eidsvik for at ho trekte seg må på bordet.

Sjukehuset i Ålesund: Det er frykt for at eit nytt sjukehus i Molde kan overta oppgåver frå sjukehuset i Ålesund, og at Møre og Romsdal dermed står att med to halvgode sjukehus. 

Nyheter

Dette seier politikarveteranane Asbjørn Rutgerson og Reidun Klock Tjervåg. Dei to frå den gamle Sunnmørslista, er forarga etter meldingane om at Astrid Eidsvik trekte seg som sjukehusdirektør. Grunnen skal vere at ho nekta å skrive ei innstilling til styret med påhalden penn.

Den noverande Sunnmørslista og andre politikarar på Sunnmøre må engasjere seg for at sjukehuset vert bygt i Kristiansund. Eit anna utfall av lokaliseringa fryktar dei kan svekkje sjukehustilbodet på Sunnmøre.

Les også: – Prosessen er kjørt på skeiva

– Astrid Eidsvik har grenselaus lojalitet til det ho er sett til å styre og til dei som har valt henne til å styre. Derfor har ho fått respekt hos mange, seier Asbjørn Rutgerson og Reidun Klock Tjervåg som viser til at ho hindra at grupper tilsette fekk særfordelar.

Den avgåtte sjukehusdirektøren har alltid hatt som siktemål å velje det som er best for befolkninga i heile Møre og Romsdal.

Det som skjer i desse dagar får dei to til å minnast starten på Sunnmørslista, og den vellykka løysinga med lokalsjukehus i Volda, Molde og Kristiansund og sentralsjukehus i Ålesund.

Nedtrapping i Ålesund

Dersom det nye sjukehuset vert bygt ved Molde, fryktar dei at denne ordninga vert riven opp. I verste fall kan det starte ei utvikling der sjukehuset i Ålesund mister funksjonar.

– Vi kan ikkje ha to sjukehus med alle hovudfunksjonar. Trur nokon at eit sjukehus på Hjelset og eitt i Ålesund får doble funksjonar? Nei, dersom Hjelset vert valt for nytt sjukehus, får vi delte funksjonar med kvar sine spesialitetar. Det er ikkje bra for Ålesund, fordi det vert nedbygging av funksjonar her, seier dei som fryktar at i staden for at Møre og Romsdal har eit godt sjukehus i Ålesund, sit vi att med to halvgode i Molde og Ålesund.

– Men kva fellesinteresser har Trondheim og Molde i denne saka?

– Trondheim tener på at det nye sjukehuset vert bygt ved Molde, fordi det fører til at St. Olav Hospital får fleire pasientar frå Nordmøre. Molde har si eiga interesse i å få sjukehuset til seg, seier dei to som understrekar at Molde aldri har godteke at sjukehuset der vart likestilt med Volda og Kristiansund, og at Ålesund hadde sentralsjukehuset.

Les også: Avviser for tette bånd til Helse Midt-Norge

Molde byggjer seg opp

– Vi fryktar og at dersom det nye sjukehuset vert bygt ved Molde, så er det starten på ei utvikling som fører til at Molde sjukehus vert det framtidige hovudsjukehuset i Møre og Romsdal. Dette er ikkje Sunnmøre si interesse.

– Medan dragkampen har pågått mellom Kristiansund og Molde har sunnmørspolitikarane sete i ro. Verken Volda eller Ålesund tener på at utfallet vert det vi fryktar. Sunnmøre regionråd må engasjere seg i 12. time i saka.

Dette at Astrid Eidsvik trekte seg som toppsjef i Helse Møre og Romsdal, er teikn på at ho vart utsett for press etter at Molde og Trondheim ikkje likte konklusjonane hennar. Ting kan tyde på stort press for å få henne til å gjere noko som ho ikkje kunne stå inne for.

Behandlinga av Eidsvik er ein av grunnane til at veteranane går ut. I denne situasjonen vil det ikkje vere rett å gå vidare som om ikkje noko har skjedd. Dei er samde med Nordmøre om at denne saka bør utsetjast til ein veit at det har vore gjennomført ein prosess ein kan stole på. Eidsvik sitt syn må gjerast kjent, for slik saka no står er ho grobotn for mistillit og spekulasjonar, meiner dei.