Det er Valldal kailag som spør. Etter at Fjord1 i fjor bestemte at dei ikkje lenger vil trafikkere denne ruta, gjekk kailaget ut for å finne private aktørar. Men det har ikkje lukkast enno:

– Vi har fleire interesserte, og det finst ledige ferjer. Men det står på kapital, forklarer Merete Myklebust, leiar i Valldal kailag.

Laget meiner det er viktig for næringslivet i Valldal at det også komande sommar går ei ferje mellom Valldal og Geiranger. Ei ferje skaper liv og røre i ei bygd, meiner dei.

Staten bygde i 1937 turistferja «Geiranger» og oppretta ruta Valldal–Geiranger. Her gjekk det ferje fram til 1969.

Sommaren 2003 kom ruta i gang att, i eit samarbeid mellom Fjord 1 og Valldal Kailag.

Følg smp.no på Facebook