– Vi har ferje og vi har mannskap. Og vi har ledig kapasitet i sommar, seier Øyvind Sørsten, styreleiar i ferjelaget «Skånevik».

Det er berre eitt men: Ferjelaget må ha ein garanti på ein million kroner før dei tek på seg jobben.

– Men vi har forstått det slik at omsetninga truleg blir så høg at vi får dekt driftsutgiftene våre, legg styreleiaren til.

– Og det hastar med å få avklart garantispørsmålet, fordi vi må planlegge årets sesong, forklarer Øyvind Sørsten, som sjølv er maskinist på ferja.

La ned

Det var i fjor at Fjord1 bestemte seg for å leggje ned turistruta mellom Valldal og Geiranger, ei rute som har gått kvar sommar i fleire år.

Staten bygde i 1937 turistferja «Geiranger» og oppretta ruta Valldal–Geiranger. Her gjekk det ferje fram til 1969. Sommaren 2003 kom ruta i gang att, i eit samarbeid mellom Fjord 1 og Valldal Kailag. Men i fjor hadde Fjord1 fått nok, etter fleire år med underskot – sjølv om trafikken var aukande. Sidan har Valldal Kailag arbeidd med å finne private som kunne ta over.

– Vi har snakka med fleire interesserte, og det finst ledige ferjer. Men det står altså på kapital, seier Merete Myklebust, leiar i Valldal Kailag.

Laget meiner det er viktig for næringslivet i Valldal at det også komande sommar går ei ferje mellom Valldal og Geiranger. Ei ferje skaper liv og røre i ei bygd, meiner dei.

Ulstein

Og liv og røre vil ferjelaget «Skånevik» gjerne lage:

– Vi har ferja «Skånevik», bygd ved Ulstein Mek. Verksted i 1967. Skipet er freda av Riksantikvaren, fortel Øyvind Sørsten.

«Skånevik» vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) i Bergen. Ferja har salong med utsikt, og promenadedekk bak.

Ferja trafikkerte dei fleste strekningane til HSD, før ho vart pensjonert og seld til Stiftinga Brørvikskuto i Bergen i 2004. Året etter vart ferja overført til dei noverande eigarane. Ferjelaget «Skånevik» vart skipa for å verne og halde ved like ferja.

<strong>SUNNMØRING:</strong> Bilferja «Skånevik» vart bygd ved Ulstein Mek. Verksted i 1967. Foto: FERJELAGET.NO