Dei tilsette i Ulstein Verft var onsdag samla til kakefest i kantina for å feire nye kontraktar. Verftet som var i ferd med å tømme ordreboka, har no fått på plass ein avtale om å byggje to vindmølleskip for den tyske reiargiganten Bernhard Schulte.

Legg ned

Men i månadene framover står kostnadskutt på dagsorden i bedrifta. Alle steinar skal snuast – og oppseiingar er mellom løysingane som kan bli vurdert.

Verftet hadde også ein sparerunde i 2013 då nokre få tilsette blei oppsagde, fekk nye arbeidsoppgåver eller gjekk av med pensjon. Denne gongen vil verftet gå grundigare til verks.

Dei tilsette blei informert om planane for ei tid tilbake, men det første konkrete resultatet av omstillingsprosessen vart offentleg kjent tidlegare i veka med avgjerda om å legge drifta i Vanylven. Her er det laga mindre seksjonar – ein produksjon som no vert flytta utanlands.

Dei 28 tilsette har fått tilbod om jobb i Ulsteinvik, men det er ikkje avgjort kor mange som blir med vidare.

Les også: Feira X-Bow nummer 100

Har arbeid – no

Verken verftsdirektør Kristian Sætre, eller klubbleiar Bjarne Pettersen i Fellesforbundet, kunne onsdag vere konkrete på målet.

– Vi skal redusere kostnadene, men vi veit ikkje omfanget enno, fortel Pettersen, som representerer meir enn halvparten av dei 400 tilsette i verftet.

Fleire bedrifter i bransjen har vore nøydde til å permittere tilsette. Per i dag har Ulstein arbeidd til alle, men direktør Sætre vil ikkje seie kor lenge.

– Det vil eg ikkje gå ut med, men samstundes kan det biletet forandre seg. Det er ein uvisse vi har lært oss å leve med, påpeiker han.

Ny marknad

Det mest gledelege med dei nye kontraktane er at Ulstein tek steget inn på ein ny marknad. Skipa er dei første verftet sjølv bygger for offshore vindkraftmarknad.

– Kva forventingar har de til denne marknaden?

– No er det planlagd store utbyggingar og vi ventar difor ganske stor etterspurnad etter slike båtar.

Størrelsen på marknaden er likevel beskjeden samanlikna med tradisjonell offshore:

– Dette vil vere i tillegg til hovudaktiviteten vår og vil aldri erstatte den. Men vi ønskjer fleire bein å stå på, og det er ein av grunnane til at det er hyggjeleg å få kontrakten.

Følg smp.no på Facebook