Bil i sjøen - alle berga seg på land

Tre menn berga seg ut via takluka.

Berga seg Her ligg bilen i sjøen etter utforkøyringa. Alle i bilen kom seg på land.  Foto: SMP-TIPSAR

Nyheter

Tre menn kom seg uskadde - men kalde og forfrosne - frå ei utforkøyring som enda i fjorden i Vestnes kommune måndag ettermiddag.

– Bil hamna i sjøen i Tomrefjord - ukjend årsak. Naudetatene på veg. Dei som var i bilen har kome seg på land, opplyste politiet på twitter like før klokka 15.50.

– Englevakt

Dei tre mennene skal ha klart å ta seg ut via takluka på bilen etter utforkøyringa som skjedde ved Juvika, ifølgje Romsdals Budstikke som snakka med mennene.

– Vi hadde englevakt, seier dei til avisa.

Mennene forklarte at bilen brått miste grepet og skar ut frå fylkesveg 661 - og rett i vatnet.

Svært glatt vegbane

Ifølgje 110-sentralen for Møre og Romsdal blei alle dei tre tekne hand om av helsepersonell. Etter det smp.no forstår, blei mennene brakt frå staden med ambulanse for legesjekk.

Det er svært glatt på staden, får smp.no opplyst.

I sjøen Bilen hamna i sjøen ved Juvika på vestsida av Tomrefjorden. Kart: Kvasir