I ein rapport like før jul kom det fram at Helse Møre og Romsdal ikkje sikrar fagleg forsvarlege tenester til pasientar med sjølvmordsåtferd ved døgnseksjonen i Volda.

Mykje av problema er knytt til at ein på leiarnivå slit med store utskiftningar.

Det er òg mangel på lege - og psykologspesialistar med riktig kompetanse.

Fylkeslege Christian Bjelke meiner at dei like godt kunne hatt tilsyn ved alle psykiatriske senter fordi det er store rekrutteringsproblem overalt.

– Det har vore utfordringar i mange år, særleg på Sunnmøre, seier Bjelke, og legg til at dette ikkje var det einaste problemet under tilsynet i Volda.

Rot

Ved DPS – Søre Sunnmøre har mellom anna ei overlegestilling vore vakant. Her blei ein pendlande vikar frå Danmark leigd inn. Ein lege i spesialisering er nyleg tilsett og har avtale ut februar. Avdelinga har ein psykolog i engasjementsstilling ut juni.

Avdelingssjefen har kontor i Ålesund og er i Volda ca. éin dag per veke. Det har vore sjukdom og konstituert seksjonsleiar har pendla til Volda fire dagar i veka.

– Hovudproblemet for Søre Sunnmøre har vore ustabilitet i leiinga. Då er det ein risiko for at ting glipp, seier revisjonsleiar Åse E. Hansen.

I Volda blei det påpeikt lovbrot når det gjeld lov om spesialisthelseteneste, forskrift om journalføring og forskrift om internkontroll.

Sunnmørsposten har frå før fleire gonger omtalt problema i Ålesund knytt til å fylle stillingar med faste overlegar.

Plan

Ifølgje klinikksjef Ketil Gaupset i Helse Møre og Romsdal har rekruttering av lege – og psykologspesialistar vore vanskeleg i heile foretaket, men også på landsbasis.

No skal han levere ein plan innan 15. februar for korleis det skal sikrast forsvarlege tenester i Volda.

– Vi hadde eit systemtilsyn som ikkje gjekk direkte på pasientbehandlinga. No er vi godt i gang med å rette opp avvika, og det meste er på plass allereie, seier klinikksjefen, som har ansvar for psykisk helsevern i heile fylket. Gaupset erkjenner at det har vore krevjande å få inn riktig kompetanse.

– Vi manglar eit tosifra antal legespesialistar i forhold til våre stillingsplanar, seier Gaupset om situasjonen i helseforetaket.

Det er nesten same situasjon når det gjeld psykologar. Psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal er delt i fire avdelingar som organiserer i alt 22 seksjonar. Desse ligg i Volda, Larsnes, Vegsund, Ålesund, Sjøholt, Molde, Hjelset, Kristiansund og Halsa.

Klagar

Fylkeslege Christian Bjelke har ikkje haldepunkt for at avvika har ført til ein forverra situasjon i Volda, men seier det er viktig å få på plass skikkelege system, slik at risikoen for pasienten blir mindre.

– Det er slik at foretaka har plikt til å orientere Helsetilsynet om alvorlege hendingar. Vi har fått fleire meldingar om avvik og motteke fleire klagar frå Volda. Difor hadde vi tilsyn der, seier Bjelke.

Fylkesmennene i Midt-Norge fekk inn 53 varselsaker som handlar om sjølvmord og sjølvmordsforsøk i perioden 2011 til 2014.

Lovbrot

Revisjonsleiar Åse E. Hansen meiner at eit avvik alltid er alvorleg fordi det er eit lovbrot.

– Vi har sett på retningslinjene når det gjeld vurdering for risiko rundt sjølvmord, fortel Hansen.

Fylkeslege Christian Bjelke seier det er vanskeleg å svare på om noko problem kunne ha vore unngått ved betre rutinar.

– Når ein ikkje følgjer sine eigne retningslinjer, er det ein risiko for pasientane, seier Bjelke, og meiner at stabilitet og god bemanning no må på plass.

Christian Bjelke hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.