Viser sjøbotnen på unike kart

Unike kart for havbotnen frå Stad til Breisundet viser detaljar som ingen har sett før. Blant anna kan ein zoome inn og sjå skipsvraket av «Arisan» utanfor Runde og to tyske vrak i Åramsundet.
Nyheter

Sjøbotnen frå Breisundet til Stad er kartlagt på ein måte som aldri før er gjort. Norges geologiske undersøkelse, NGU, har laga karta, i samarbeid med kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

- Dette er einaste område i Norge som har kart av sjøbotnen med så høg oppløysing, seier Nils-Roar Hareide, som er havforskar og prosjektkoordinator.

Godkjend av Forsvaret

Både Arizan og dei to vraka i Åramsundet er kjende frå før.

- Men vi har ikkje sett dei på kart før, seier Hareide.

Karta er svært detaljerte. Difor har også Forsvaret godkjent at dei blir publisert.

Og det er første gong det er frigitt bilde med så høg oppløysing i eit så stort samanhengande område. Men etter det vi forstår er det ikkje så mykje hemmeleg å sjå. Derimot er informasjonen interessant både for forskarar og kommuneplanleggjarar.

Ny verd

Karta vil bli viktige i arealplanlegging i kommunane. Og ein vil kunne sjå kvar det finst korallar, tare, kreps og så vidare.

- Dette blir ein ny verd. Det neste vi skal sjå etter blir spor etter slaget i Hjørungavåg, smiler Hareide.

Karta er i alle fall så detaljerte at ein kan sjå stein på botnen. Og det er noko heilt anna enn tradisjonelle sjøkart.

- Sjøkart gir mykje informasjon, men relativt lite informasjon om korleis det faktisk ser ut under vatn, seier geolog Sigrid Elvenes.

Hafast

Hareide som jobbar ved Runde miljøsenter, fortel at ein ønskjer å bruke karta på forskjellig måte. Blant anna ser han føre seg at karta kan brukast i samtale med fiskarar som er kjende i områda.

Andre ser nytten i forhold til vegprosjekt:

- Eg såg med ein gong mulegheitene i forhold til Hafast, smiler Hareid-ordførar Anders Riise og legg til at han er glad for at kartet går heilt til Sula grense.

Oppdrettsanlegg

Riise ser også at kartet betyr mykje i forhold til kystsoneplanen i kommunen. Det blir nyttige i arbeidet med å plassere havbruksanlegg og andre installasjonar.

Og kommunalsjef Nils Nupen legg til:

- Karta gir oss gode data om kvar vi kan plassere oppdrettsanlegg. Vi ser kvar det er korallrev, og vi kan sjå kvar det er best å plassere avlaup- og reinseanlegg.

Også Anita Saunes som er leiar for plan- og bygningsavdelinga i Ulstein ser god nytte i karta.

- Karta gir eit nytt perspektiv på kommunen vår. Vi har sett land, men kommunen består av så mykje meir. Desse karta gir ein ny måte å tenkje på, seier Saunes.

166 videoar

Karta er basert på djupnedata frå Kartverket. Sist sommar var geologar frå NGU på tokt i 19 dagar for å filme havbotnen på 166 stader. Det er også teke 55 grabbeprøver.

NGU betaler halvparten av utgiftene, medan kommunane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal betaler resten.

Sør for Stad

Sjøområda på søre Sunnmøre er dei første i sitt slag, men fleire område følgjer etter.

Onsdag gjekk startskotet for eit tilsvarande prosjekt sør for Stad. No skal kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora også få slike kart.

- Det blir fantastisk å få slike samanhengande kart frå Florø i sør til Hareid i nord, seier Oddvar Longva som er geolog i NGU.

Prosjektet sør for Stad ligg eitt år etter prosjektet nord for Stad.