Fleire vogntog fast på Strandafjellet

Fleire vogntog står fast i Myrdalen på veg opp Strandafjellet.  Foto: Robert Kvam

Fleire vogntog står fast i Myrdalen på veg opp Strandafjellet.  Foto: Robert Kvam

Fleire vogntog står fast i Myrdalen på veg opp Strandafjellet.  Foto: Robert Kvam

Nyheter

Sunnmøre politidistrikt melder litt før klokka 11, torsdag at fem vogntog står fast på fylkesveg 60, på sykkylvssida av Strandafjellet.

– Det skal vere særs glatt over fjellet. Vegtrafikksentralen er varsla og politiet på veg til staden, heiter det i meldinga.

Sunnmørsposten sin fotograf fortel at to av vogntoga står fast i Myrdalen på veg opp Strandafjellet. Dei står og blokkerer den krappaste svingen, så førarar bør vere obs ved passering.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 10.17.

Har du tips eller bilde til denne saka? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!