Allereie fire dagar etter brannen som krevde fire unge menneskeliv, meinte etterforskaren at politiet stod overfor ei «stor sak med omsyn til etterforsking» - og ba om hjelp. Ønskje vart ikkje innvilga.

La vekk saka

Tidleg om morgonen den 14. desember 2008 starta det å brenne i det eldre bustadhuset i Herøy. Enno har ikkje familiane og vennene til dei fire som miste livet, fått svar på spørsmålet om kvifor brannen starta.

Branngåta vart nyleg lagt vekk for andre gong etter ei omfattande ny etterforsking. Så mange år etter, viste det seg å vere umuleg å få noko svar.

Dei etterlatne har no meldt politiet for grov uforstand i tenesta, og sentralt i saka står to dokument laga få dagar etter brannen.

- Etter mitt syn har det vore manglar alt frå første del av etterforskinga, som kunne ha ført til oppklaring. Dei burde ha sikra gjenstandar som blei funnet i bilen rett på utsida av huset. Sporsikring og DNA burde vore gjort her. Det andre vi ikkje har fått svar på er kvifor dei ikkje tok imot taktisk bistand frå Kripos, seier privatetterforskar Jens Bjørkedal.

Han meiner politiet også har vore tilbakehaldne med dokument og opplysningar. No håper Bjørkedal at det blir ein grundig og objektiv gjennomgang av saka.

LES MEIR: Vil vurdere å melde politiet

LES MEIR: Dødsbrann lagt vekk etter ny etterforsking

LES MEIR: Gir opp håp om oppklaring

- Stor sak

I eit notat 18. desember, fire dagar etter brannen, ber etterforskingsleiar om hjelp. Dokumentet teiknar eit klart bilde av ei sak som krev ekstra innsats, og at det dreiar seg om ei «stor sak med omsyn til etterforsking». Notatet er skrive av Robert Hjelmeseth som no leiar etterforskingsavdelinga for heile politidistriktet, men den gong var etterforskar ved det lokale lensmannskontoret.

Etterforskaren foreslår ei omfattande etterforsking, og mellom anna innhente teledata, foto frå mobiltelefonar og dele saka i fleire prosjekt. På det tidspunktet hadde politiet vore i kontakt med kring 30 personar som hadde vore i huset på fest kvelden og natta før brannen.

- Vanskeleg å finne brannårsaka

Etterforskaren gjer greie for at det kan virke vanskeleg å finne brannårsaka. Men han skriv at han allereie ein litt «uggen kjensle».  Årsaka er sprikande forklaringar frå heilt sentrale vitne og funn av gjenstandar som høyrde til dei omkomne - i ein bil utanfor huset.

I ein bag i denne bilen fann politiet mellom anna kameraet til den eine omkomne, som inneheld bilde frå festen før brannen starta.

På bakgrunn av notatet tok den ansvarlege juristen fatt i saka, og sendte dagen etter eit formelt brev med spørsmål om taktisk bistand frå Kripos. Då hadde politiet lokalt allereie hjelp frå tre personar som var i gang med den tekniske etterforskinga på branntomta.

I tillegg meinte han det var naudsynt med fleire etterforskarar frå eige distrikt. Politiadvokaten avslutta med å be om ei snarleg tilbakemelding på brevet som er stempla motteken hos Kripos fredag 19. desember.

Nedslåande svar

Svaret frå Kripos var nedslåande. Etter det smp.no kjenner til, fekk politidistriktet berre tilbod om ein leiande etterforskar. Frå eige politidistrikt skal svaret ha vore at  det var vanskeleg å stille mannskap på overtid ved inngangen til julehøgtida.

Smp.no har førebels ikkje fått kontakt med politimeister Ingar Bøen.