Grunnen er at vegen over fjellet er i så dårleg forfatning at den har ein avvisingseffekt på transportørane.

Tunnelane er for låge og smale i høve til høgda på dagens trailerar. Store vogntog må køyre sentrisk, og mange stader er det vanskeleg å møtast, noko som skaper trafikkfarlege situasjonar. Vegtrafikk i dagen mellom tunnelane ligg i tillegg rasutsett til.

Les også: Samla for Strynefjellet

Heller Romsdalen

Der mange burde valt riksveg 15, vel mange i staden E 136 gjennom Romsdalen, sjølv om vegen er lengre og ein må nytte ferje.

Denne ekstra belastninga merkar ein spesielt godt også på ferjesambandet Hareid- Sulesund, som har hatt ein markant auke i attståande køyretøy frå 2013 til 2014.

Fleire attståande på ferja

Utbetring av riksveg 15 over Strynefjellet ville vere eit tiltak også inn mot attståande køyretøy på denne ferjestrekninga, skriv samferdselssjef Arild Fuglseth og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i saka om høgfjellsovergangar aust-vest som kjem opp i samferdselsutvalet onsdag.

Statens vegvesen har bede om tilbakemelding på utgreiinga om samband mellom Austlandet og Vestlandet.

Maritim klyngje

Store utbyggingar som Eiksundsambandet og Kvivsvegen burde ha knytt den maritime klyngja på søre Sunnmøre og annan industri i området tettare opp mot Austlandet gjennom riksveg 15 over Strynefjellet.

Ein burde såleis sjå ein stor auke i trafikken etter at desse sambanda vart opna. Men årsdøgntrafikk-målingar (ÅDT) viser liten oppgang for tungtrafikk for 2013, men reduksjon til 2012-nivå i 2014.

Arm til Geiranger

I tilrådinga til samferdselsutvalet vert det ikkje berre bede om at det vert bygd ny tunnel over Strynefjellet, men også at det vert etablert ei tunnelarm til Geiranger.

Tiltaket vil utløyse heilårsturisme i Geirangerområdet og føre til auka omsetjing for reiselivsbransjen i heile Sør-Norge.

Når det gjeld E 136 gjennom Romsdalen, vert det peika på behovet for omlegging av vegen forbi Veblungsnes, Hjellvik og Måndalen. Vidare at jernbanen får gode korridorar for gods på bane og at Raumabanen vert elektrifisert.