Vegard Flåskjer er født og oppvaksen i Volda. Han er 26 år gamal, og arbeider som trafikklærar ved Rotevatn Trafikkskule i Volda og Ulsteinvik. Saman med sambuaren Emma og hunden Molly bur han i leiligheit på Klepp i Volda. Dette gjer at store delar av inntekta går til huslån, medan ei anna stor utgift er mat.

– Eg tenker nok sjeldan over kostnadane på Kiwi, og handlar ofte 3-5 gonger i veka. Då kjem det ofte med småvarer som brus og snop, seier han.

Mat er ei utgift vi ikkje kjem unna, men undersøkelsen viser at heile 30 prosent av oss ikkje veit kor mykje vi bruker på mat i månaden. Det er derfor her ein kanskje har størst sparepotensial, ifølgje forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.

Snus

Snuser eller røyker du vil dette fort koste deg dyrt. I alle fall om du gjer det dagleg. Vegard innrømmer sjølv at han tidlegare brukte å snuse, og at det gjekk ein heil del pengar på dette.

– Eg brukte sikkert 19 000 kroner i året på det. Men no har eg slutta, seier han godt fornøgd.

Snusslutten gjer at han no kan sette av meir til sparing i månaden.

– Sjølv om eg ikkje sparar heile beløpet, blir det omlag tusen kroner i månaden, seier han.

Test ditt forbruk i Luksuskalkulatoren nederst i saka.

Strømmetenester

No til dags er det svært vanlig å bruke internett og strømmetenester for å sjå film, TVseriar og høyre på musikk. Utvalet er stort, med blant anna Netflix, HBO Nordic, TV2 Sumo og Spotify.

Vegard bruker sjølv Netflix og Spotify aktivt, og trur faktisk han har to Netflix-kontoar.

– Eg har ein konto til meg sjølv, og i tillegg ein til broren min. So då blir eg vel fakturert to gonger, seier han forundra.

Han fortel at han ikkje tenker over utgiftene når det gjeld slike små beløp, sjølv om dei til saman kan utgjere mykje.

– Eg kjøper ofte lunsj i staden for å smøre meg niste, det kunne eg nok blitt flinkare til.

Les også: Ferdig med å spare

Luksuskalkulator

Under kan du i Sunnmørsposten sin Luksuskalkulator sjekke ditt eige forbruk av «luksusvarer» som strømmetenester og alkohol.

Før Vegard slutta å snuse brukte han 32 512 kroner i året, ifølge «Luksuskalkulatoren». Då han slutta reduserte han forbruket til 15 456 kroner.

Han reagerar på skilnaden, men er nok meir overraska over at dei andre postane utgjer so mykje.

– Det har eg ikkje tenkt over i det heile, men det stemmer sikkert.

Til sitt forsvar seier Vegard at han jobbar veldig mykje, og meiner han då har råd til å sløse litt.

Les også: Småbarnsfamilien har kontroll

Overraska over resultatet? Ikkje samd i at dette er luksus? Sei di meining i kommentarfeltet.

Vegard Flåskjer er overraska over kor mykje han bruker på ting han ikkje tenker over. Foto: Olav Standal Tangen