Ein mann på 40 år vart i dag tidleg frakta til Ålesund etter å ha kome i klem på en oljerigg 65 nautiske mil nordvest for Ålesund. Plattformen heiter Transocean Barents.

— Det siste vi har høyrd er at det går bra med mannen, seier seksjonsleiar ved Kristiansund politistasjon, Alf Rune Rolland.

Mannen var bevisst då han vart frakta til sjukehuset, men har fått klemskader.

Skulle vore sikra

Rolland fortel at hendinga har ført til at dei i ettermiddag reiser ut til oljeriggen saman med petroleumstilsynet for å etterforske.

Dei har med seg to teknikarar og to taktikarar til oljeriggen.

— Det er ting som tyder på at dette ikkje skulle skjedd. Vi ser ikkje bort i frå at det er noko som skulle vore sikra eller gjort betre, seier han.