Håvard Klungre frå Hyen i Nordfjord er i år elev på Vestborg vidaregåande skule på Stranda. Og for andre år på rad har han kvalifisert seg til finalen i Abelkonkurransen.

- Det er kjekt. Målet mitt var å kome til finalen. Kor bra eg gjer det der, er ikkje så viktig, seier Klungre som kom på 12. plass etter første og andre runde.

To frå Sunnmøre

3400 elevar frå heile landet var med i første runde i Abelkonkurransen. Ti prosent av deltaktarane gjekk vidare, og cirka 25 har kvalifisert seg til finalen.

Blant dei er også Vegard Buset frå Spjelkavik vidaregåande skule.

Fjerde bror i finalen

Klungre er ikkje den einaste i familien sin som gjer det skarpt i matematikk. Han har fire søsken. Av dei er tre eldre brødre, og alle tre brørne hans har tidlegare kome til finalen i Abelkonkurransen.

- Og eg tenkte at når dei greidde det, så måtte eg greie det også, seier Håvard som altså har nådd målet to gongar.

Det er altså brørne hans som har inspirert han til deltaking. Elles rosar han matematikklæraren som er interessert og engasjert.

- Og han gir oss ansvar og let oss jobbe mykje sjølve, seier Klungre som tidlegare har gått to år på Firda vidaregåande på Sandane.

Treningscamp

Finalen i Abelkonkurransen er i Trondheim 17. mars i Trondheim Der får finalistane også delta på treningscamp. Klungre trur ikkje han kjem til å førebu seg noko spesielt til finalen utover dette.

Kva han har tenkt å bruke matematikk-kunnskapen sin til i framtida, veit han ikkje. Men truleg blir det vidare utdanning der han han treng matematikk.