VIDEO: Sjå video over. Foto/redigering: Olav Standal Tangen

BILDESERIE: Sjå bildeserie her

Klokka 10.45 landa luftambulansen frå Lufttransport med tre kursdeltakarar i det konstruerte skredområdet. Dei tre personane kartla skredet og planla korleis redningsaksjonen skulle gå føre seg. Ein av desse tre var Dag Erik Wold, som var fagleiar skred under skredøvinga.

– Det var verkeleg stressande. I starten handlar det veldig mykje om tid, og eg må innrømme at eg hadde høg puls då, fortel Wold etter at øvinga er over.

Drama

Arrangørane hadde laga eit skredscenario på førehand, som deltakarane ikkje fekk vete noko om. Historia gjekk ut på at tre personar gjekk på skitur frå Standalhytta, der to valde ei annan veg enn den tredje.

Tredjemann kom etter kvart fram og såg at det var gått skred, og at eigendelane til dei to andre låg i området. Han kontakta hjelp, og aksjonen var i gang. I tillegg var ein familie på fire tatt av skredet.

Løyste ut skredet

Fredag kveld var personar frå Volda og Ørsta Røde Kors Hjelpekorps oppe i området og løyste ut skredet ved hjelp av snøscooter. Sidan det natt til laurdag var minusgrader, fraus det på, og snøen som dei hadde pakka so godt som råd var knallhard. Sjølv om sola skein laurdag føremiddag, var snøen vanskeleg å bryte gjennom.

– Det er veldig reelt at det er so hardt, so det er berre bra, seier Stine Veie frå Volda Røde Kors Hjelpekorps.

Fornøgd

Jan Peder Hoggen, som er fagleg ansvarleg for øvinga og kurset, er veldig fornøgd med øvinga.

– Det har vore ei god øving. Som vi hadde forventa, seier Hoggen medan deltakarane gjer tre punkt grovsøk i skredområdet mot slutten av øvinga.

Han legg vekt på at dei har klart å lage ei so realistisk og uoversiktleg øving som dei hadde håpa på å få til. Samstundes har deltakarane jobba slik han vil dei skal.

– Det tyder på at vi har klart å lære dei noko med dette kurset, seier Hoggen og ler.

Les også: Strenge krav til skredkurs på Standaleidet

3,5 timar

Kursdeltakarane var til saman 24 personar, og i tillegg kom der folk frå Volda og Ørsta Røde Kors, Møre Folkehøgskule, politiet, Norske Redningshunder og Lufttransport for å hjelpe til under øvinga.

Vel 3,5 timar med hardt arbeid avslutta Hoggen øvinga klokka 14.25. Då var alle dei seks personane som skulle vere tatt funne.

Sendar/mottakar

Allereie eit minutt etter at søket var i gang med skredsøkar var første person funne, og fem minutt etter var andre person funne. Dei fire andre som ikkje hadde sendar/mottakar på seg blei funne mellom ein og tre timar etter søket var i gang.

– Dette viser kor viktig det er å bruke sendar/mottakar når ein skal ferdast i fjellet, seier Stine Veie.

Les reportasje frå skredøvinga i måndagens papirutgåve av Sunnmørsposten.

Følg Smp.no på Facebook