Norsk Målungdom hadde landsmøte i Oslo i helga. Språkengasjert ungdom frå lokallaga over heile landet møttest for å forme organisasjonens politikk i tida framover. Målungdomen vedtok arbeidsprogram for den neste perioden, og vedtok fråsegner for å betre sidemålsopplæringa.

Synnøve Marie Sætre starta i Målungdomen i Studentmållaget i Oslo og har sete to år i sentralstyret. Til sommaren tek ho over som leiar. Det er eit arbeid ho gler seg til. Som den viktigaste politiske prioriteringa nemner ho språk i skulen.

– Me vil sikre at alle elevar får eksamen og læremiddel, ogso digitale, på sitt eige hovudmål. Dette er noko dei har krav på, men likevel ser me at fleire elevar må kjempe for å få det dei har rett på, seier Sætre. Det skal ikkje vere vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar. Dette er eit viktig prinsipp for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, seier Sætre i ei pressemelding.

– Det er viktig at elevane vert trygge og medvitne språkbrukarar. Dei må få god undervisning i både hovudmål og sidemål, og då må lærarutdanninga ruste studentane til å gje elevane ei slik opplæring. Difor meiner me at norsklærarstudentar må få meir sidemålsdidaktikk inn som obligatorisk del av utdanninga, seier den nyvalde leiaren.

Sunnmørsk leiarduo

Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal tok attval som nestleiar. Saman med resten av styret skal dei arbeide for nynorsken og dialektmangfaldet i Noreg.

– Det er viktig at folk får sjå språket sitt i kvardagen, og at me synleggjer nynorsk som eit bruksspråk, seier Sætre.

Stavseng er samd. Han vil arbeide for at fleire digitale tenester og plattformer som folk flest brukar kvar dag, ogso gjev tilbod på nynorsk.

– Ved å få sjå språket sitt i bruk på fleire område, vert nynorskbrukarane tryggare språkbrukarar. Difor er det viktig at tenester som til dømes Netflix tilbyr teksting på nynorsk, seier Stavseng.

Med seg på laget har dei Kirsti Lunde frå Lom som skrivar, Fredrik Hope frå Hyen som økonomisk ansvarleg, og Kine Svori frå Jostedalen og Hans Rasmus Glomsrud frå Eidsberg som sentralstyremedlemer.

Kristofer Olai Ravn Stavseng tok attval som nestleiar, og dannar dermed ein sunnmørsk leiarduo saman med Sætre. Foto: Norsk Målungdom