Straumgjerde

Stor glede av kort elv

– Dei seier dette er Nord-Europas kortaste lakseelv. Men eg kan ikkje skjønne at det er nokon kortare i Sør-Europa, seier Leiv Ottar Drotninghaug.
Nyheter

Vi står på brua over elva Straumen i Straumgjerde. 81-åringen er ein av grunneigarane, og bur rett ved sidan av. Han held auge med elva som normalt berre er om lag 100–150 meter lang – alt etter kor stor flod det er. Og etter kor mykje vatn det er i Fetvatnet. For Straumen renn frå Fetvatnet og ut i Sykkylvsfjorden, og er altså ei uvanleg kort lakseelv.

Brukbart fiske.

Men ho er god for kvar meter. – Eg har ikkje summert opp sesongen enno, men eg vil tru at det ligg på om lag same nivå som i fjor. Då vart det fiska godt og vel 800 kilo i heile vassdraget, halvparten av dette i sjølve elva, seier Drotninghaug. Det er sett opp ei eiga fiskarbu her. Og der ligg fangstdagboka som fortel at det den siste veka ikkje har vore så godt fiske. Men det skuldast vêret og for stor vassføring, meiner Drotninghaug.

16,5 kilo.

– Den største laksen som er fanga her var på 16,5 kilo. Men det er mange år sidan. No får ein gjerne laks på mellom tre og seks kilo, legg han til. Ein må ha fiskekort for å fiske i Straumen. Og det er det mellom anna ein god del utlendingar som skaffar seg. Drotninghaug fortel om fleire ivrige fiskarar, spesielt frå Tyskland. – Har du sjølv fått noko fisk i sommar? – Ja, nokre har det blitt. Men eg har også slite vekk ein del. Og det er det mest irriterande. Men det er jo ein del av spelet, seier 81-åringen.

Park.

Rundt elva er det laga til parkareal, og små bruer, bord og benker som gjer heile området attraktivt til friluftsliv. Mens vi står der ved elvebreidda hoppar det eit par-tre laksar. Men dei er for små, meiner Leiv Ottar Drotninghaug – og fortel om langt større fiskar som er blitt landa under til dels dramatiske omstende. Som til dømes den svære laksen som ein nederlendar kledde seg naken og hoppa i elva for å få på land.

Fisketur.

Leiv Ottar Drotninghaug ser oppover elva, og veit kva han skal gjere ut over kvelden: – Eg trur eg må ta meg ein tur med fiskestonga i dag, eg også, seier han – og ser nok for seg den store laksen som ligg ein stad der ute i Straumen og ventar på å bli fanga.