Saman med elevar frå skulane i Liabygda, Eidsdal og Skarbø var han torsdag på prøvetur med elektrisk buss i turistbygda Geiranger.

Bussjåfør Tor Arild Sande frå selskapet Boreal i Stavanger hadde ikkje noko problem med å sno seg oppover svingane.Sande er blitt ein elbuss-entusiast:

Minimalt med støy

Bussen vi sit på er laga i Kina, og kostar meir enn ein vanleg buss. Men det meiner fagfolka at ein sparar inn igjen over få år - i tillegg til miljøgevinsten.

For her er det null utslepp - og minimalt med støy.

Sande, som til dagleg er opplærings- og rekrutterings-ansvarleg i Boreal, køyrde sjølv bussen frå Stavanger til Geiranger, og hadde to ladepausar under vegs: I Bergen og i Førde.

Nøgde elevar

Elevane kosar seg om bord, det same gjer fylkesordførar Jon Aasen:

– Dette er framtida. Utsleppa må ned i mange byar, og i Norge vil bussane dessutan bli lada opp berre på fornybar energi. På setet bak sit Lina Jonasson, energirådgjevar i fylkeskommunen.

Jonasson seier at dei truleg allereie i neste veke vil teste ut den eine av dei elektriske bussane i bytrafikk i Molde.

Konferanse

Det er fylkeskommunen, verdsarvstiftinga og Grøn Fjord-prosjektet som arrangerer elbusskonferansen denne veka.

Det er om lag 50 deltakarar på konferansen. Om bussen kom seg heilt opp på Dalsnibba? Ja, det klarte han utan problem.

Bussjåfør Tor Arild Sande forklarer fylkesordførar Jon Aasen, verdsarvdirektør Katrin Blomvik og energirådgjevar Lina Jonasson korleis det er å køyre ein batteridriven buss. Foto: Terje Engås
Ida Mari Lied og Oline Sofie Lunde, begge frå Liabygda skule, fekk seg ein busstur i går. Foto: Terje Engås