I ein oselvar, ein tradisjonsrik båt som vert kalla Norges nasjonalbåt, skal Bjørn Tomren (34) – kjend som Polkabjørn, ro frå Honningsvåg til . Musikaren, songaren og jodlaren spelte på Smp-scena i mars, men no har han altså teke pause frå musikken for å forsere landet på langs.

Les også: Eg har sove steike godt i båten

Turen starta 6. juni, og Polkabjørn hadde i starten ein gjesteroar med seg: barndomskompisen Lars Christian Vik, som har litt lite å gjere på for tida. Det er dessutan muleg at Ole Paus og Morten Abel kjem til med ei hjelpande åre etter kvart.

– Det har vore litt dårleg vêr så langt, og vi har prøvd å ro om natta fordi da er de mest stille. Men no er det betre meldinger, og eg håpar å nå Tromsø neste helg, seier Tomren til smp.no seint søndag kveld.

I form

Oselvaren er i tillegg til å vere fin til fisking ein god treningspartnar. Til Bergens Tidende sa Tomren i mai at det er for å kome i form han tek denne turen.

– Eg er ikkje så vand med å trene og bruke kroppen min, så no er eg nesten i sånn Buddha-tilstand. Eg kjenner meg avslappa og roleg, i god form og har overskot, fortel han, og legg til at han vurderer å melde seg inn i padleklubben når han kjem heim til Bergen.

Han skal altså ro seg i form, med å starte roleg og auke intensiteten etter kvart. Før avreise hadde han rodd om lag ein kilometer samanhengane.

– Det er krevjande å ro ein godt lasta færing på denne størrelsen åleine. Eg er avhengig av hjelp frå vener, seier han til Romsdals Budstikke fire dagar ut i leia.

Åleine

Søndag 14. juni ankom dei vika Sauhamn ved Hammerfest, kor dei slo leir fordi gjesteroaren fekk vondt i ryggen. Dei antydar at det kan kome av for mykje øl. Eventuelt for lite. Moldensaren måtte forlate færingen og finne seg ein kiropraktor.

– I morgon kjem ein kar frå Hammerfest som skal ro med meg. Eg kom i kontakt med han sånn via via, han er ein pensjonist som tek ei veke i året der han ror, fortel Tomren.

Dei fleste nettene søv han i telt, og han har ingen planer om å gjere som Ragnar Thorseth og sove i færingen. Laurdag fekk han faktisk eit oppdrag i Honningsvåg, når vêret var slik at han uansett ikkje kunne vere til havs.

– Eg vart hyra til å underhalde på eit korstemne.

Den 6. august skal han vere tilbake på scena i Langesund. Reisa kan ein følgje på bloggen Bjørn på langs.