– Det er ikkje filmen «Bølgen» som er grunne til at vi er samla her i dag, la det vere sagt. Men det er gjort nye beregningar for flodbølga som kjem dersom fjellpartia Hegguraksla og Åkneset rasar ut. Oppskyljingshøgdene er om lag som før, men evakueringssonene er flytta lenger opp, opplyser ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset.

Les også: Vatn får Åkerneset til å røre på seg

Utvida tryggleik

Måndag inviterte Norddal kommune til informasjonsmøte ved Kraft- og skredsenteret i Tafjord, saman med politi og NVE/overvakingssenteret, for å informere om dei nye evakueringssonene og det pågåande planarbeidet for å trygge bebuarane langs Storfjorden.

– Det er ikkje sikkert at 54 millionar kubikk rasar ut i fjorden dersom Åkneset-skredet går. Det kan bli vesentleg mindre, og dermed vert også oppskyljingshøgdene mindre. Men den sjansen kan vi ikkje ta, uttalar politioverbetjent John Kåre Flo frå Sunnmøre politidistrikt.

Les også: «Bølgen» opnar filmfestivalen i HaugesundLes også: – Urealistisk Bølgen-teaser

Han legg til at det er er NGI (Norges Geotekniske Institutt) som har gjort beregningane, og dei har tatt hardt i.

Grundige planar

Under møtet vert det peika på mange utfordringar knytt til eit fjellskred og påfølgjande flodbølgje. Kva med alle dei enorme verdiane som ligg i småbåthamnene langs fjorden? Kva med butikkar og bensinstasjonar, som ligg nært fjorden?

Les også: Staten betaler skredvarsling: - Ei gedigen julegåve

Ifølgje beredskapssjef i Norddal, Aud Lindis Ødegaard, pågår det eit omfattande planarbeid for å kartleggje alle sider og konsekvensar eit fjellskred får. Ho påpeikar at det vert utført skredøvingar, og planane vert årleg oppdaterte for å vere best muleg budd dersom delar av Åkneset eller Hegguraksla rasar ut i fjorden.

I løpet av 2015 skal ein objektplan om konsekvensar og aktørar, som gir eit oppdatert oversiktsbilete, vere ferdigstilt. Ødegaard forsikrar innbyggjarane om at det pågår grundig overvaking, og at alle vil bli varsla i god tid viss situasjonen endrar seg i fjellet, slik at evakuering vert nødvendig.

– Vi vert påpassa 24 timar i døgnet, 365 dagar i året, uttalar beredskapssjefen.