Leif Arne Langøy frå Brattvåg gjorde det bra i 2014. Største inntektspost i fjorårets regnskap er mottatte utbytter på 50 millionar kroner, og selskapet Lapas betalte sjølv ut 7,5 millionar kronar i utbytte til Langøy og dei øvrige aksjonærane i Langøy-familien, melder Dagens Næringsliv.

Langøy var med og bygge opp Aker-systemet saman med Kjell Inge Røkke på 2000-talet, til han i 2008 ga seg som konsernsjef. Han fortsatte som leiar av valkomiteen i både Aker og Aker Solutions, og overtok i 2013 som styreleiar i Kværner etter Røkke. Han er også styreleiar for Stiftelsen Det Norske Veritas, Sparebanken Møre og Molde Fotball.

Aksjar

Langøy hadde i 2014 marknadsbaserte aksjar til ein verdi av nærmare 69 millionar, og markedsbaserte obligasjonar til 18 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv.

I tillegg har selskapet hans 149 millionar kroner i dotterselskap, tilknytta selskap, aksjar og fordringar.

Leif Arne Langøy står også bak FSV Group, som tilbyr drift og utleige av spesialfartøy til operasjonar over og under vatn, samt ulike frakte- og slepeoppdrag. Der sit investeringsselskapet til Langøy med ein eigarandel på 55 prosent, og FSV Group hadde eit resultat på nærmare åtte millionar kroner i 2014.

Lapas har også investert i LAG Invest, som driv med utleige av eigen eller leigd fast eigedom. Dette selskapet hadde eit årsresultat på nærmare 50 millionar i 2014.