Onsdag hamna ein rib-båt førar i sjøen ved Olden og måtte hentast opp frå seks-sju meters djupne.

Torsdag morgon var 57-åringen framleis kritisk skadd. Han blir behandla på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus.

To andre av dei ni passasjerane hamna også i sjøen, men dei var uskadde og kom seg opp for eigen maskin.

På intensivavdelinga

Dagleg leiar for Briksdal Adventure og venn av mannen som er skadd, Frode Briksdal sa onsdag kveld til bt.no at han var nede på seks-sju meters djupne og henta han.

- Det er ei gåte kva som har skjedd, seier Briksdal og fortel at føraren har lang maritim erfaring.

Onsdag ettermiddag fall tre personar i sjøen i Olden frå ein ribbåt. Dei tre var føraren av båten, samt to personar frå cruiseskipet Britannia.

Skadeomfanget ukjent

- Medan dei to cruisepassasjerane er uskadde er føraren av båten - ein mann, frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Helsetilstanden til mannen er ukjent, men det vart jobba ei stund med hjarte-lungeredning på staden før han vart henta av helikopteret sa Kjetil Drange, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane poiltidistrikt kort tid etter hendinga.

Ved 16-tida var politiet framleis på staden og gjorde åstadsundersøkingar, og i tillegg til desse var også kommunen sitt kriseteam på plass.

Kraftig gasspådrag

På spørsmål om årsaka til hendinga var svaret frå operasjonsleiaren at fleire vitne har fortalt at båten starta roleg, då den gjekk ut frå land.

- På høgde med cruiseskipet som ligg litt utom kaia skal det ha blitt gitt kraftig gass, med det til resultat at tre av dei om bord altså fall i vatnet, sa Drange.

Hjelp av folk i båtar

Det var klokka 13.07 onsdag at politiet rykka ut til Olden etter melding om ein livlaus person i sjøen ved cruiseskipa.

- Personane i vatnet er tatt i land og tatt hand om av helsevesenet, sa redningsleiar Jan Lillebø ved Hovedredningssentralen for Sør-Norge til Smp.no.

- Det var båtar i området som fekk personane opp frå vatnet, fortalde Lillebø.

Helse Førde opplyser torsdag kveld at det kjem ny oppdatering om skadesituasjonen fredag.