Olsokmarkeringa i Valldal starta opp i 1990. Årets utgåve markerte såleis jubileum – eit vellukka jubileum.

Fredag vart det meldt om klaff med «Jordbærkonsert» i Sylte kyrkje, medan bandet med det spenstige namnet, «Gromgutane åt ho besta», slo an tonen frå scena med valldalssongen laurdag. Melodien var kjende tonar etter Vazelina Bilopphøggers og refrenget gjekk slik:

«I Valldal, der he oss det bra. Der veks det jordbær i gatå, det er det oss vil ha. Ei perle mellom fjella, for alt slags folk og fe, ja, viss du tvila: kom og sjå ka oss he. I Valldal, der hæ oss det best, der er det helg midt i vikå, kvar dag er en fest. En småby på Møre med utsikt over fjord, den finaste plassen på jord».

Truleg kjende mange det akkurat slik denne vakre laurdagen. Eit stort publikum svalgde unna både sceneinnslag, graut, grillmat, jordbær og salsboder.

Den 25. olsokmarkeringa i Valldal vert avslutta med Pilegrimsvandring og friluftsgudsteneste på Alstadhaugen ved Gudbrandjuvet i morgon.

276 deltok i Jordbærdilten

Heimehåpet Iver Matias Linge Glomnes (10.15) fekk endeleg skalpen til veteranen Kristian Nedregård (10.39) i den 16. utgåva av Jordbærdilten i Valldal.

Men fyrst ut var dei aller yngste i Minidilten. 300 meter for aldersgruppa to til fem år, og 600 meter for seks til ti år – utan tidtaking. 73 utøvarar proppfulle av energi.

Hovudløpet samla 203 utøvarar, av desse 146 i trimklassa. Som vanleg hadde lokale bønder sponsa arrangøren med velsmakande jordbær til deltakarane. Åsmund Ertresvåg Jacobsen, Emblem IL, vann guteklassa på 12.33. Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, jenteklassa på 13.29, Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL, kvinner senior på 12.32 og altså Iver Matias Linge Glomnes, Valldal IL, herrar senior på 10.15.

Med andre reint bord til sunnmørsk langrenn. Men løyperekordane til Hans Martin Gjedrem (9.57) og Ine Wigernes (11.04) overlevde.

Det gjekk nokre korger av denne vara. Den var seint ute i år, men utruleg velsmakande. Foto: ATLE HOLE
«Gromgutane åt ho besta» med Elling Heggen på akustisk gitar, Jørgen Gjerde på trommer, Elias Indreeide på el.gitar og Andreas Ødegaard på piano, vokal med meir. Foto: ATLE HOLE
Dei tre beste tok teten alt frå start. Iver Matias Linge Glomnes (34) vart vinnar, Kristian Nedregård( 38) vart nummer to og Jørgen Dahl Paule (42) nummer tre. Nokre småharar til høgre. Foto: ATLE HOLE
Full gass like etter start i Minidilten Foto: ATLE HOLE
– Herlege Valldal, synest Adrian Myrseth-Landsnes (4) og Cornelia Uri-Landsnes (3), begge deltakarar i Minidilten Foto: ATLE HOLE