Fedre rustar til kamp mot omstridd kaliber

– Det er svært tøft å ta tak i denne saka no. Men eg føler vi er heilt nøydde til å åtvare mot ammunisjon til terrorpotensielle automatvåpen.
Nyheter

Dette seier Viggo Håvoll, far til Utøya-offeret Guro Vartdal Håvoll til Sunnmørsposten. Som far deler han terrorlagnad med mellom andre Bjarte Bjørkavåg frå Sula og Kolbein Fridtun frå Flo i Stryn.

Dei miste høvesvis sonen Sverre og dottera Hanne i terrorangrepet 22. juli 2011. Felles har dei tre fedrane også jaktinteresse, våpenkunnskap og tidlegare engasjement i lokale skyttarlag.

Eit framlegg om å innføre det eine ammunisjonskaliberet terroristen brukte på Utøya som nytt kaliber i gigantorganisasjonen Det frivillige Skyttervesen (DFS), har fått dei tre fedrane til å reagere kraftig.


Farleg

Viggo Håvoll seier seg overtydd om at DFS no er inne på eit farleg villspor.

– Ein ting er det kjenslemessige med at DFS vil innføre Breivik sitt mest nytta kaliber i massakren, som ny ammunisjon i den utbreidde skytesporten.

– Det verste er uansett at akkurat dette kaliberet er det suverent mest nytta i verda innan terroraksjonar, seier Håvoll.

Han viser til at kaliber 223, også kalla cal 5.56, er tilpassa ei rekkje halv- og heilautomatiske våpen. Under terroranslaga både i Danmark og Frankrike låg tomhylsene etter cal 5.56 att i blodige gater.

Automat

Og der ligg den store faren, dersom denne ammunisjonen brått skal bli lett tilgjengeleg for titusenvis av konkurranseskyttarar i alle kategoriar. Uansett forsett vil det då bli svært vanskeleg å halde full kontroll på all ammunisjon til ei kvar tid, hevdar Håvoll.

Han er smerteleg klar over at Anders Behring Breivik skaffa sine massedrapsvåpen på fullt lovleg vis. Men at han også nytta høvet til å bytte til heile 30 skots magasin – på den halvautomatiske rifla han brukte på Utøya.

Internett

– Ein periode med utsett handsaming av søknader på slike automatvåpen, gjekk fort over – ei tid etter Utøya.

– Dermed kan dei fleste som vil, skaffe seg eit tilsvarande våpen. I tillegg veit vi at via internett er det mogleg å skaffe seg det meste. Eg fryktar også heilautomatiske våpen i akkurat dette verdsutbreidde kaliberet, seier Viggo Håvoll.

Til Lesja

No har han til hensikt å ta belastninga med å stille opp på landsskyttarstemnet på Lesja komande laurdag. I lag med Kolbein Fridtun og Bjarte Bjørkavåg vil han gå på Skyttartinget og freiste påverke utfallet av saka om val av skotkaliber.

– Vi har alliert oss med leiaren for Søre Sunnmøre skyttarsamlag, Line Homberset. Ho har uttala forståing for vårt syn og vil stemme imot innføring av nytt kaliber, fortel Håvoll.

Uvisst

Han kjenner seg likevel ikkje trygg. – Sjølv om eit stort fleirtal i DFS-styret ikkje har tilrådd kaliberksifte no, så er det stemmene til delegatane frå dei over 30 skyttarsamlaga i landet om avgjer.

– Slik eg har oppfatta saka, så kan det vere om lag femti-femti i dette spørsmålet, seier Viggo Håvoll.

Ferie

– Er det ikkje ei tøff belastning å stå på barrikadane i ei slik våpenteknisk sak?

– Det er det, utan tvil. Personleg har eg reservert meg ei veke ferie rett etter oppmøtet på Lesja i helga – for å vere garantert å kunne ta meg inn att.

– Vi opplevde belastningane seinast også etter minnedagen på Utøya i juli, og det var svært viktig med nokre dagar å hente seg inn att på, fortel han. – Denne saka er likevel altfor viktig til å kunne passere utan full motstand, insisterer Viggo Håvoll.

Sunnmørsposten prata også med med Kolbein Fridtun torsdag kveld.

– Eg er svært oppteken av at vi kan lukkast med å nå fram i denne saka, stadfestar han.

Relaterte saker: