Opprustning:

Kan få heilt ny veg på Strynefjellet

Ein heilt ny tunnel på 15,5 kilometer er eitt av alternativa som vegvesenet no lanserer for opprusting av riksveg 15 Strynefjellet.
Nyheter

Statens vegvesen startar planarbeidet for opprusting av riksveg 15 Strynefjellet. Dei skisserer i alt sju ulike alternativ for utbetring. Opprusting av dei tre gamle tunnelane er eitt alternativ. Men vegvesenet meiner også ein må vurdere å byggje heilt ny tunnel frå Hjelledalen til Breidalen. Ein slik tunnel vil gjere vegen frå Nordfjord til Oslo fem kilometer kortare. Nasjonal Transportplan gir signal om at vegen skal rustast opp for 450 millionar kroner. – Eg er i alle fall sikker på at det trengst meir enn 450 millionar kroner viss ein skal få sikker og framtidsretta veg over Strynefjellet, konstaterer Stryn-ordførar Nils P. Støyva etter å ha sett vegvesenet sine framlegg. Han fryktar at strossing av tunnelane, slikt NTP legg opp til, vil bli like dyrt som å byggje ny veg. Også vegvesenet meiner ein må vurdere andre alternativ, før ein set i gang med å bruke pengar. Ingen kan i dag seie noko om prisen på dei ulike alternativa. Vegvesenet har vurdert elleve ulike løysingar, men nokre av dei er alt forkasta. Mellom anna ei løysing som kunne rassikra vegen til Geiranger. Vegvesenet har konkludert med at ein må finne eiga løysing for Geirangervegen og problema med Stavbrekka. Grunnen er at vegen Stryn – Skjåk med ei slik løysing ville blitt eit par kilometer lenger. Dessutan ville høgste punkt på vegen blitt 60 meter høgare enn i dag. Framlegget til planprogram blir lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. -Vi ønskjer flest mogleg innspel, og det vil vere feil av oss å gå inn og prioritere alternativ no. Alle sju alternativa har gode sider ved seg, seier distriktssjef Einride Horstad i Fjordane distrikt. Måndag blir det ope møte om planen i Stryn.