Sterke reaksjonar etter legevaktkollaps

Ei legevakt utan lege er ikkje godt nok. Det meiner både lokalpolitikarar og stortingsrepresentant.

Legevakt Natt til laurdag stod den interkommunale legevakta i Ålesund utan legar på jobb. No krev fleire politikarar ei forklaring.  Foto: STAALE WATTØ

Vadset Ordførarar i Skodje, Terje Vadset, seier det ikkje er godt nok at legevakta var utan lege. 

Nyheter

– Eg er på ferie no. Men når eg kjem heim vil sette meg inn i kva som skjedde då legevakta i Ålesund vart ståande utan lege. For dette er ikkje godt nok.

Bakgrunn: 86.000 var plutselig uten legevakt

Det seier Terje Vadset (Frp), ordførar i Skodje, ein av fleire kommunar som har inngått avtale med Ålesund om å bruke legevakta i byen.

– Eg vil mellom anna ha svar på om dette kan skje igjen. For det er ei føresetnad for eit slikt samarbeid at ordninga fungerer, legg Vadset til.

Klagar

Han seier at dei også har fått fleire klagar frå innbyggarar i Skodje som synest dei må vente for lenge på legevakta i Ålesund.

– Enkelte er i harnisk over den lange ventetida. Du veit, vi var så godt vant då vi hadde legevakta vår i Ørskog.

Ein annan som vil ha ei forklaring på kva som skjedde då legevakta vart ståande utan lege ei heil natt er Geir Inge Lien (Sp), ordførar i Vestnes, ein annan kommune som nyttar seg av legevakta i Ålesund.

– Vi må ha ein grundig gjennomgang av hendinga, få vite kva som skjedde og få ei forsikring om at dette ikkje skjer igjen. At det ikkje var råd å få andre legar på vakt i ei så stort legevaktområde høyrest merkeleg ut, meiner Lien.

Også på riksplan er oppslaget i Sunnmørsposten blitt lagt merke til. Stortingsrepresentant Elisabeth Røbekk Nørve (H) er klar på at legevaktkollapsen i Ålesund ikkje er haldbar:

– Dette er ein svært alvorleg svikt i kvalitetsrutinane for legevakta som ikkje kan aksepterast, seier stortingsrepresentanten.

Trygge

Ho legg til at folk må kunne føle seg trygge på at både legevakta i kommunane og akuttmottaka ved sjukehusa fungerer godt til ein kvar tid.

– Vi har dessverre erfaringar som tilseier at desse kan og må bli langt betre, noko som også er årsaka til at regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på dei prehospitale tenestene, inklusive legevaktene. Utvalet skal vere ferdig med sin jobb før jul 2016, legg Elisabeth Røbekk Nørve til.