Ho opna ikkje for overfallsmannen

– Det ringde på dørklokka fire gongar, fortel Liv Fostervoll ved Vågstunet i Sula. Kort tid etter vart ein av dei andre bebuarane ved omsorgsbustaden overfalt.

Liv Fostervoll har heimen sin på Vågstunet i Sula. I 04-tida natt til søndag ringde det på fleire gonger. Fostervoll opna heldigvis ikkje døra.  Foto: Torbjørn Eidhammer

Nyheter

– Eg såg på klokka, for eg syntest at eg høyrde noko, seier Liv Fostervoll, bebuar ved Vågstunet omsorgsbustadar i Mauseidvåg.

Truleg var det ein overfallsmann Liv Fostervoll hadde på døra.

– Det er litt rådyr og litt hjort som går her. Eg tenkte at det er sikkert hjort, for eg høyrde det veldig tydeleg. Men eg såg ikkje noko. Eg hadde vindauget litt ope, så eg hadde det igjen. Og så la eg meg nedpå og såg på klokka, då var ho litt over fire.

– Så gjekk det fem minutt, då ringde det på døra. Og då tenkte eg: «Skal eg gå og opne?».


– Eldre kvinne overfalt i sitt eget hjem

Politiet etterforsker saken som et voldtektsforsøk.

Ved 04.35-tida, altså 15-20 minutt seinare, fekk politiet melding om at ei eldre kvinne hadde blitt overfallen i sin eigen heim i Vågstunet omsorgsbustader i Mauseidvåg i Sula kommune.

Fostervoll fortel at ho tenkte på det som skjedde med ei anna eldre dame i området, som ifølge politiet vart overfalt og valdteken for ein månad sidan.

– Eg vart såpass redd at eg opna ikkje, fortel Fostervoll.

– Og så ringde det ein gong til. Det ringde fire gongar. Det var berre eit vanleg ring alle fire gongane. Så var det ikkje noko meir.


Kripos blir satt inn i etterforskningen:

Politiet ser voldtektsforsøk i sammenheng

For bare litt over en måned siden ble en eldre kvinne voldtatt i eget hjem ikke langt unna.

Fostervoll fortel at politiet kom søndag føremiddag og var der heile dagen. Politiet etterforskar det dei omtalar som eit valdtektsforsøk.

Fostervoll fortel også at mange av naboane møttest søndag for å prate med kvarandre om det som hadde hendt.

Heretter trur Fostervoll at ho kjem til å ha vindauga igjen nattestid.


– Dette skal vere ein stad der eldre folk skal få ro og kvile

Naboar er utrygge etter valdtektsforsøk i Mauseidvåg.

– Eg kjem no ikkje til å ha vindauget ope om natta. Og så må eg no låse døra, seier ho.