Eid kommune har teikna kontrakt med entreprenør K A Aurstad AS frå Ørsta om opparbeiding av det nye kommunale bustadfeltet på Nordfjordeid.

– Hogaåsen er den største bustad-satsinga i Eid sidan Myklebuståsen vart utbygd på 80-talet, fortel ordførar Alfred Bjørlo (V). Kommunen opplever for tida folketalsvekst og auka etterspurnad etter bustadtomter. Samla er Hogaåsen-feltet på over 150 mål og vil totalt utløyse om lag 120 einebustadtomter og ni område for leilighetsutbygging.

Fyrste byggesteg av Hogaåsen startar opp rundt 1. september i år. Her vil det kome 39 einebustadtomter og tre område for leilighetsutbygging som står klare ved årsskiftet 2016/17.

I tillegg skal de byggjast to leikeplassar og ein ride-/skogsveg.