Fjellet som trugar

Når Åkerneset rasar ut vil fjorden reise seg nådelaust 100 meter opp og rasere alt på sin veg mot havet. I Møre og Romsdal er det fleire fjell som trugar. Kven blir råka, og korleis vert dei trygga ?

Dette er området i Møre og Romsdal alle snakkar om når dei nemner ras. Åkernesremna, Hegguraksla og Mannen. Dei ligg knappe 70 km frå kvarandre i luftline, og er tre av - truleg - mange lause fjellsider i dette området.

Alle tre utgjer ei fare for samfunnet rundt, om fjellsidene ramlar i sjøen vil det skape enorme flodbølger. Om Mannen ramlar ned i Romsdalen, vil elva Rauma verte demt opp og danne ein 7 km lang innsjø. Så vil demninga briste.

ÅKERNESET

Åkernesfjellet har ei cirka 600 meter lang rivne (gul linje), 900 meter over havet. Rivna er cirka 25 meter vid på det vidaste punktet. Om heile fjellsida losnar (skravert felt), vil omlag 54 millionar kubikkmeter med stein ramle i fjorden.

Åkernesfjellet har ei cirka 600 meter lang rivne (gul linje), 900 meter over havet. Rivna er cirka 25 meter vid på det vidaste punktet. Om heile fjellsida losnar (skravert felt), vil omlag 54 millionar kubikkmeter med stein ramle i fjorden.

Kor mykje er 54 millionar kubikkmeter med stein?

Geologane opererer i dag med to alternative utfall av skredet: at heile fjellsida rasar på ein gong, eller at det kjem eit flankeskred på rundt 18 millionar kubikkmeter først. Rasar alt, dreier det seg om 54 millionar kubikkmeter med stein.

Kor mykje er det?

Viss vi går ut frå at ein lastebil kan ta 10 kubikkmeter stein, og bilen er 10 meter lang, ville det skapt ei bilkø som gjekk frå Hellesylt til Singapore, tur-retur - nesten to gongar. Om ein nyttar luftline, vil bilane kome rundt ekvator, og endå litt lengre. Det er brått ikkje så vanskeleg å tenkje seg at denne mengden stein kan skape ein tsunami.

Prognosane seier bølga vil kaste seg 84 meter opp i Hellesylt-bygda, og 70 meter opp i Geiranger. Korleis ser det ut?

Hellesylt

Hvis heile fjellsida ramlar på ein gong, vil det gå berre fem små minutt før ei enorm flodbølge veltar over Hellesylt. Bølga vil slå skrekkelege 84 meter opp i bygda. Det blå feltet markerer kor høgt bølga vil gå.

Hvis heile fjellsida ramlar på ein gong, vil det gå berre fem små minutt før ei enorm flodbølge veltar over Hellesylt. Bølga vil slå skrekkelege 84 meter opp i bygda. Det blå feltet markerer kor høgt bølga vil gå.
Geiranger

10 minutt etter raset har gått, vil Geiranger bli råka av bølga. Den vil slå 70 meter opp i bygda og truleg rasere heile sentrum. Det blå feltet markerer kvar bølga vil treffe.

10 minutt etter raset har gått, vil Geiranger bli råka av bølga. Den vil slå 70 meter opp i bygda og truleg rasere heile sentrum. Det blå feltet markerer kvar bølga vil treffe.

Kartet viser kor mange minutt det tek før bølga treff, samt kor høg oppskyllingshøgda er rekna å vere.

Kartet viser kor mange minutt det tek før bølga treff, samt kor høg oppskyllingshøgda er rekna å vere.

Han som melde frå

Per Åkernes (84) på Åkernesfjellet.

Per Åkernes (84) på Åkernesfjellet.
Per Åkernes utanfor heimgarden i 1985. 

Per Åkernes utanfor heimgarden i 1985. 

1930-talet

Per Åkernes (84) vaks opp på ein fjellgard på Yste Åkerneset på 1930- og 40-talet. Med smått og stort budde dei 24 menneske saman på den vesle garden - og dei livnærte seg av mellom anna geitedrift. Langs dei grøne, bratte fjellsidene sprang gutane og jentene på garden etter geitene medan den djupe Synnylvsfjorden glitra nesten to hundre meter under dei.

Når dei fór slik i fjellet kom dei ofte forbi «Remna» som dei vaksne hadde snakka om i generasjonar. Den var ikkje brei, vesle Per kunne såvidt få handa nedi sprekken, men den var spennande likevel. Ungane slapp småstein nedi for å høyre kor langt dei datt, og om hausten sette dei større steinar fast i sprekka, for å sjå om dei framleis var der neste vår. Men dei var alltid vekk.

På slutten av 50-talet vart garden fråflytta, og det skulle gå mange år til Per gjekk langs den gamle geitråsa igjen. Nesten 30 år.

Sommaren 1983

Først i 1983 var Per og brørne tilbake i fjellet, og kom ganske tilfeldig over «Remna», og det var eit skremande syn som møtte han. Sprekka hadde utvida seg, no var den eit par meter brei, og Per våga ikkje springe over den lengre. Han varsla sin ven Magne Flem, som var redaktør i Sunnmørsposten, og ei stund seinare fekk han avisa med seg til fjells.

Det vart skrive ein artikkel som stod på trykk 31. juli 1985, og der vart det spurt om det lause fjellpartiet kunne skape flodbølge på Hellesylt om det ramla i sjøen. Geolog Steinar Bekkehøi ved Geoteknisk institutt i Oslo meinte det var lite truleg at fjellskalken ville føre til eit kjempeplask. Dette fordi terrenget har ei jamn halling, og raset må rulle 1500 meter før det når sjøen. Han sa det var stor skilnad på fjellpartia som rasa ut i Loen og Tafjord og dette ved Åkerneset.

Les heile artikkelen frå 1985 her.

Men Bakkehøi tok til orde for at det burde setjast opp måleboltar i fjellet slik at ein kunne finne ut om det verkeleg hadde skjedd ei utviding.

I reportasjen frå 1985 står det:

«I ein kommentar til Sunnmørsposten seier kontorsjef Edgar Hamre i Naturskadefondet at det vil vere naturleg med ei ny undersøkjing no det har kome nye opplysningar i saka. Det er Stranda kommune som må ta initiativ til dette.»

Men trass oppslag i media reagerte ingen, ingen tok initiativ. Bekymringsmeldinga frå Per Åkernes vart berre stille feia under teppet.

Attende på utrygg grunn

Per Åkernes skodar utover «Remna» i august 2015

Per Åkernes skodar utover «Remna» i august 2015

August 2015

Per Åkernes er med Sunnmørsposten på tur til Åkerneset, over 30 år etter første gong han melde frå. Men denne gongen er alt annleis.

Det blir eit kjensleladd gjensyn med «Remna».

Anskrika han gjorde har ført til at fjellet no er overvaka døgnet rundt. Folk langs fjordane bør kunne sove trygt om natta.

Les heile saka om turen attende på smp.no

Kva har skjedd i mellomtida?

Alvoret demrar

Sunnmørsposten 2008: «Mot seks røyster vedtok kommunestyret i Ørskog å vere med i eit interkommunalt samarbeid om tidleg varsling av Åkernes-ras.»

Sunnmørsposten 2008: «Mot seks røyster vedtok kommunestyret i Ørskog å vere med i eit interkommunalt samarbeid om tidleg varsling av Åkernes-ras.»

– Utover 80- og 90-talet stakk politikarane hovudet i sanden og feia trugselen frå Åkerneset under teppet, seier Frank Sve (Frp). Ifølgje Sve uttrykte Per Åkernes si bekymring om rørslene i Åkernesremna, men det vart dyssa ned. Sve var ordførar i Stranda i åtte år, og var den som gjekk i brodden for å få på plass eit overvakingssenter.

– Mange var redde for konsekvensane, mellom anna for turistnæringa, seier Sve.

Men då det i 2004 kom ei formell uromelding frå fylkeskommunen, ved fylkesgeolog Einar Anda om at sprekken hadde utvida seg faretrugande, var det ikkje lenger råd å ikkje gjere noko.

– I 2004 vart Norges geologiske undersøking (NGU) kontakta for å få laga ei undersøking. Då rapporten kom i 2006, vart Åkerneset vurdert som eit høgrisikoobjekt. Det måtte etablerast overvaking. Dette var bakgrunnen for at Stranda og Norddal etablerte Åknes Tafjord-prosjektet, fortel Frank Sve.

Dagleg leiar Kjell Jogerud (t.v.) og styreleiar Frank Sve<span style="line-height: 18.2000007629395px;">&nbsp;i Åknes/Tafjord Beredskap IKS</span>

Dagleg leiar Kjell Jogerud (t.v.) og styreleiar Frank Sve i Åknes/Tafjord Beredskap IKS

Les kommentar om beredskap før og no frå Harald Kjølås på smp.no

Åknes/Tafjord Beredskap IKS er eit interkommunalt selskap som har ansvaret for overvaking av fjellskred. Selskapet er lokalisert i Stranda kommune på Sunnmøre og er eigd av kommunane Stranda, Norddal, Rauma, Stordal, Ørskog, Sykkylven, Ørsta, Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune. I dag har selskapet operativ overvaking av områda Åkernes i Stranda kommune, Hegguraksla i Norddal kommune og Mannen i Rauma kommune. Overvakings-systema som er teke i bruk er av det mest avanserte som finst internasjonalt, og dei samarbeider med ei rekke nasjonale og internasjonale fagmiljø.

Openheit og spreiing av kunnskap har vore ein raud tråd heilt frå Åknes/Tafjord Beredskap IKS vart skipa. Det understrekar dagleg leiar Kjell Jogerud og styreleiar Frank Sve.
- Kunnskap skaper tryggleik, seier dei to.

Korleis er fjellet overvaka?

Trykk på tala til høgre i infografikken for meir informasjon.


Sjå nøyaktige intsrumentplasseringar her frå NVE

Alarmen går

- Eg trur det vanskelegaste blir å avgjere om folk får flytte heim

John Kåre Flo

Politioverbetjent John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt trur den vanskelegaste avgjerda vert å ta stilling til om evakuerte får flytte heim dersom eit varsla fjellskred ikkje kjem.

Flo inngår i ei gruppe på fem personar med representantar frå fylkesmannen og kommunar. Dei har utarbeidd objektplanar som vil legge føringar for korleis politi, kraftverk, vegvesen og mattilsyn skal handtere eit fjellskred og påfølgande krise.

Objektplanen ligg under Nasjonal beredskapsplan for fjellskred. Last ned og les rapporten her.

Korleis vert folk varsla?

Ekspertane les av data og kan følgje med om fjellet er i meir rørsle enn før. Auka rørsler og akselerasjon i fart kan seie noko om når skredet kjem.

Fjellskred skal varslast seinast 72 timar på førehand, og evakuering skjer på farenivå oransje og raud.

Alle innbyggjarar og folk som oppheld seg i området vil få sms eller automatisk telefonoppringing med instruksar. Media vil informere om kva som skjer, og ved akutt fare vil tyfonsirenene gå.

Politiet har øvste mynde for evakueringa, medan den enkelte kommune har ansvar for å ivareta befolkninga sin tryggleik. Dei må gjennom sine beredskapsplanar definere kor hen det er trygt å flytte befolkninga, ut i frå forslag om nye evakueringssoner.

Evakueringssoner

John Kåre Flo er ein av dei som har trakka land og strand rundt for å finne ut akkurat kva hus som må evakuerast, og ikkje.

Fylkesmannens beredskapskontor har saman med kommunane utarbeidd eit kart som syner kvar evakueringsgrensene går.

Klikk her og prøv kartet sjølv - og sjekk om ditt hus er innafor evakueringssona.

Objekt-planane tek utgangspunkt i oppskyllingshøgder som Norges Geotekniske Institutt (NGI) utarbeidde i 2010 på oppdrag frå kommunane.

– Så har vi lagt på ein margin på 60 prosent for å definere evakueringssoner.

-Vi tek så kraftig i for at dei som bur i områda skal kunne sove godt og for at vi kan ha ein sikker margin, seier Flo.

Hellesylt: Det gule feltet markerer kor høgt evakueringsgrensa går.&nbsp;

Hellesylt: Det gule feltet markerer kor høgt evakueringsgrensa går. 

Geiranger: Det gule feltet markerer kvar evakueringsgrensa går.

Geiranger: Det gule feltet markerer kvar evakueringsgrensa går.

Flo er trygg på at dersom det oppstår ein slik situasjon med Åkerneset eller Hegguraksla, vil geologane varsle i god tid.

Les heile intervjuet med Jon Kåre Flo på smp.no

Men korleis er det då å leve midt i den bygda som vert hardast råka av bølgen - når den kjem? Korleis er det å bu i Hellesylt i dag?

Ein trussel til å leve med

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (t.v.) og kjøpmann i Hellesylt, Svein Sporstøl.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (t.v.) og kjøpmann i Hellesylt, Svein Sporstøl.

– Naturens luner kan ein aldri gardere seg mot. Det uventa kan framleis skje, men det er ikkje sikkert det kjem frå Åkerneset, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda.

Vi møter han i sentrum av Hellesylt, berre ein meter eller to over flomålet, saman med handelsmann Svein Sporstøl som kjem frå Ørsta, og som i 34 år har budd i bygda og driv kolonialbutikk i sentrum.

Svein Sporstøl føler ikkje eit skred frå Åkerneset som nokon direkte og stor trussel. Vi stiller likevel det obligatoriske spørsmålet om han søv godt om natta, og får til svar at han vaknar tidleg, men ikkje på grunn av Åkerneset.

Han får stadig spørsmål frå folk om han fryktar storskredet.

– Når eg er på besøk heime i Ørsta, kjem mange og spør om eg vågar å bu der inne.

Svein Sporstøl

– Då svarar eg at vi har god tid frå varsling til eit skred kan kome, og så legg eg til at det er verre når Liadalsnipa fell ned i Ørstafjorden. Fjellpartiet er ikkje overvaka, og ifølgje segna skal Liadalsnipa ein gong ramle i sjøen, seier han, og føler han då har gitt dei som spør noko å tenkje på.

– Overvakinga og sikringa er god. Men det er uråd å gje ein hundre prosent garanti når det gjeld naturen, seier han og legg til at det etter hans syn er for stort fokus på det verst tenkjelege scenarioet.

– Det er slett ikkje sikkert alt kjem på ein gong, seier han.

Svein Sporstøl trur det verste som kan skje, er dersom det vert varsla skred som ikkje kjem.

– Ein slik situasjon vil verte lammande, fryktar Sporstøl.

Lever trygt under farleg fjell

Gunn Sogge og dottera Christina på Lyngheim i Rauma. Bak er fjellet Mannen. Foto: Johan Behrentz

Gunn Sogge og dottera Christina på Lyngheim i Rauma. Bak er fjellet Mannen.
Dersom fjellet Mannen rasar ut, vil elva Rauma bli demt opp og ein 7 km lang innsjø vil danne seg i Romsdalen. Så vil demninga briste.

Dersom fjellet Mannen rasar ut, vil elva Rauma bli demt opp og ein 7 km lang innsjø vil danne seg i Romsdalen. Så vil demninga briste.

Faren for steinras frå fjellet Mannen styrer ikkje kvardagen til familien Sogge. Dei stoler på geologane.

– Vi tenkjer ikkje på det i det heile tatt. Vi er vant til å høyre buldring frå fjellet, seier ekteparet Gunn Walstad Sogge og Jørgen Sogge.

Saman med dottera Christina og ei handfull naboar bur dei under fjellet som i oktober 2014 rørte seg så mykje at dei vart pålagt å evakuere. I fem veker budde dei hos slekt og i eit feriehus like ved. Samtidig måtte dei finne husrom til alle dei 200 sauane sine.

– Beskjeden om å evakuere var alvorleg, men all mediemerksemda var eit sjokk.

Gunn Sogge

– Mens vi fekk to timar på oss til å pakke det mest nødvendige, måtte vi samtidig svare på spørsmål frå media. Midt oppe i det heile krevde forsikringsselskapet at vi tok forholdsreglar før vi flytta, seier Gunn Sogge litt oppgitt.

Jørgen Sogge har bygd opp det meste på garden etter at dei kjøpte den for 20 år sidan. Han har bygd på hovudhuset, laga stort fjøs, verkstad og gjerda inn eit stort område innmark. På ein varm og tørr sommardag er det lite som tydar på at dette kan bli eit katastrofeområde.

Les heile intervjuet med familien Sogge på smp.no.

Fleire farlege fjell

Det har i all tid gått ras på Nordvestlandet, og i Storfjorden har det vore fleire katastrofar opp gjennom tida.

– Ja, det er all grunn til å vere på vakt i Storfjorden. Både med tanke på tidlegare hendingar, på fjellstrukturen – og på at fjorden er djup og vil lage raske og store bølgjer, seier skredhistorikar Astor Furseth.

Den pensjonerte tannlegen er busett i Fjørå, mellom Valldal og Tafjord, og har i årevis forska på skred.

Les heile intervjuet med Astor Furseth her.

– Dei siste 400 åra har det gått fire store skred som har laga tsunamiar i Storfjorden: Hyske, like før år 1600, Presthellaren i 1701, Skafjellet i 1731 og den mest kjende; Tafjordulykka i 1934, seier han.

<span style="line-height: 23.1111106872559px;">Slik såg det ut på Sylte i Valldalen etter Tafjordulykka i 1934.<i>&nbsp;</i></span><br/><span style="line-height: 23.1111106872559px;"><i>Arkivfoto: Ingvald Møllerstad</i></span>

Slik såg det ut på Sylte i Valldalen etter Tafjordulykka i 1934. 
Arkivfoto: Ingvald Møllerstad

40 menneske miste livet då ei 63 meter høg flodbølge knuste alt på sin veg. Berre éin kilometer frå det fjellpartiet som rasa ut i 1934, står Hegguraksla.

Hegguraksla

Eit skred frå Hegguraksla vil ifølgje Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kunne lage flodbølgjer like store eller noko mindre enn Tafjord-ulukka i 1934.

Det er to ustabile fjellblokker, 700–800 meter over fjorden, som vert overvaka. Ifølgje NVE er begge blokkene avgrensa av djupe, vertikale baksprekker.

Den øvre blokka har eit volum på to millionar kubikkmeter, den nedre éin million kubikkmeter. Dersom blokkene rasar, vil dei òg ta med seg urmasser i fjellsida.

Også denne fjellblokka vert overvaka av NVE - døgnet rundt.

Ingen av desse fjella hadde vore overvaka om ikkje ein bekymra Per Åkernes hadde meld frå den gongen i 1983.

Han vegrar seg mot å ta for mykje av æra for overvakinga, men er han glad han heldt på sitt og varsla.

– Dette er eit ulendt område der det ferdast lite folk. Det var ei Guds lykke at eg oppdaga at rivna beveger seg så mykje som ho gjer.

Per Åkernes

EKSTRAMATERIALE


Tekst: Petter Sandvik, Randi Longva, Johan Behrentz, Harald Kjølås og Terje Engås

Foto: Nils Harald Ånstad, Staale Wattø og arkivbilder frå Sunnmørsposten.

Grafikk og programmering: Liv-Jorunn Håker Ottesen

Kjelder: NVE og Åknes/Tafjord Beredskap IKS
Ansvarlig redaktør: Hanna Relling Berg.

Sunnmørsposten arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Alt innhold er opphavsrettsleg verna © Sunnmørsposten 2015.

>