Makrellstørja er den største tunfiskarten og har vore utryddingstrua. Men no er den tilbake i våre farvatn. Det fekk fiskarane på «Hovden Viking» merke då dei fiska makrell utanfor Sunnmøre tysdag.

– Vi låg om lag 80 nautiske mil nordvest for Ålesund og gjorde eit kast med makrell. Då vi tørka nota såg vi at den var full av makrellstørje, saman med makrell, fortel skipper Rune Hovden.

Vanskeleg dilemma

Hovden veit godt at størja er freda.

– Eg måtte tenkje og handle fort, og stod framfor eit dilemma. For ikkje har vi lov til å ta størje, og ikkje har vi lov å sleppe makrell ut frå nota, fortel Hovden.

Han valde å sleppe ut fisk frå nota sidan han vurderte det som ein naudsituasjon. Men det var i seinaste laget for nokre av størjene.

– Det byrja å bli raudt av blod rundt båten, og eg forstod at nokre av størjene var i ferd med å døy. I ein slik situasjon har vi plikt til å ta fisken, seier skipper Rune Hovden.

21 makrellstørjer

«Hovden Viking» enda opp med å ta om bord 21 makrellstørjer, på mellom 140 og 250 kilo. Kystvaktbåten «Bergen» låg like ved, og følgde dramaet tett.

– Eg har fått tilbakemeldingar frå Kystvakta om at eg tok rette avgjerder. Og eg har eit bestemt inntrykk av at eg vurderte situasjonen rett. Der og då var det ikkje kjekt, sidan det var vanskelege avgjerder å ta på kort tid. Men i ettertid tenkjer eg at det var ei spesiell og fantastisk oppleving, seier skipper Rune Hovden.

Les meir om makrellstørje her (ekstern lenke)

Blanda kjensler

Fiskeridirektoratet har varsla at «Hovden Viking» kan beholde fangsten på i alt 3.800 kilo. Den er tatt hand om av Snorre Sefood på Raudeberg.

–  Vi veit ikkje prisen enno, men det er ikkje snakk om så store summar som vi høyrer om på TV i samband med fangst av tunfisk. «Talbor» fekk to størjer i nota i førre veke lenger sør, og dei fekk berre 50 kroner kiloet, seier Rune Hovden.

Trass i blanda kjensler rundt fangsten er han glad for ein ting: makrellstørje er tilbake på Møre-kysten.

– Det må vere ein god del av den. Også seinare på dagen så vi størje i nota då vi kasta, men då oppdaga vi det så tidleg at vi fekk sleppe dei ut. Og eg trur det er har vore størje heime i Kjødepollen. Makrellen oppfører seg rart, og det er nok størje som skremmer den, seier Rune Hovden.

Under saka kan du sjå klipp frå filmen «Ut Mot Havet» med notkast etter makrellstørje på 1950-talet