Det er måndag kveld inngått avtale mellom Tverrpolitisk liste Selje (TVP), Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Uavhengig representant Veronica Hatlenes. Ordførar i Selje vert Stein Robert Osdal (KRF). Varaordførar blir Jan Vidar Smenes (TVP).

Det var NRK Sogn og Fjordane som først melde om saka.

Stein Robert Osdal seier til smp.no seint måndag kveld at partia som samarbeider har til saman 9 av 17 representantar i kommunestyret og dermed fleirtal.

Selje er den siste kommunen i nordvest som får på plass ordførar, det skjer altså på dagen ei veke etter valet.

- Kvifor tok det så langt tid?

- Det har vore veldig mange alternativ og prosessar som har vore diskutert, også vi i KrF har hatt mange diskusjonar. I kveld kom det altså ei løysing på bordet som passa oss best, og dermed var det eit samla styret i KrF som gjekk for dette.

- Er dei andre partia samla om denne løysinga, eller er enkelte parti splitta i synet på den nye samarbeidskonstellasjonen?

- Ja, dessverre blei det slik, men det vil eg ikkje kommentere i kveld. Vi har no ein muntleg avtale om at vi skal samarbeide, og så skal vi møtest i morgon ettermiddag for å teikne skriftleg avtale. Det blir i alle fall ein valteknisk avtale, men truleg også ei politisk plattform for dei fire neste åra, seier Osdal.

Osdal har vore medlem i kommunestyret dei fire siste åra, han har også vore leiar i driftsutvalet. Han har yrkesbakgrunn som kyrkjeverje i 15 år, dei to siste åra har han arbeidd i eit gravferdsbyrå.

Men frå og med måndag 28.september må han føye til ordførar på cv-en, då er det konstituering i Selje-politikken.