Aldri før er det gjort slike funn:

Lundaneset eldst i fjorden

Ny datering viser sikre spor etter menneskeleg aktivitet på Lundaneset i Sunnylvsfjorden for omlag 9 .300 år sidan. Aldri før er det gjort slike funn.
Nyheter

- Dette gir oss heilt ny og viktig kunnskap om kor langt tilbake vi kan spore busetnad i indre fjordstrok, opplyser Jan Aakvik. Han er koordinator for kulturnett i Møre og Romsdal, og det er eigentleg ei nesten 80 år lang historie bak den nye stadfestinga. – P. A. Lillebø fann nokre flintbitar på garden Lundanes i 1929 som han sende til Bergen Museum. Men først no er det gjort sikre dateringar av materialet.. – For å få svar på nøyaktig kor gamal buplassen er, vart Tor Arne Waraas på Bergen Museum kontakta. Han er spesialist på eldre steinalder.a. Museumsnummera til gjenstandane vart oversendt og Waraas gjekk i museumsmagasinet for å sjå på funna. Svaret var ikkje til å ta feil av. – De har funne gull!, var beskjeden vi fekk tilbake. Funna er rekne som kulturhistorisk sensasjonelle, og dette er midt i det nye verdsarvområdet, seier Aakvik. Typologisering - Korleis kan de vite sikkert at flinststykka er frå rundt 9000 år før Kristus? – Først og fremst fordi det er brukt ein metode vi kallar typologisering. Då ser vi på reiskapar, eller pilspissar som var laga unner eit visst tidsrom i vår forhistorie. – Etter kvart skjedde det ei utvikling gjennom nye teknikkar av slike gjenstandar, kanskje også fordi nye råstoff vart tekne i bruk. Gjennom den spisskomptansen Bergen Museum har på slikt, kan vi vere så sikre på årstala, seier Aakvik. Flintbiten som vart innlevert i 1929, var odden på ei tidligmesolittisk tangepil, og flintflekkene som vart funne tilhøyrer same periode. Det same gjeld flintspissen som vart funne i 1983. Jegerar Det vil med andre ord seie at det på Lundaneset var jegerar i perioden 9200-8100 før Kristus. Waraas meiner at pilspissane truleg er frå den eldste del av dette tidsrommet. Her er ingen innblandingar frå andre yngre busettingsperiodar som har forstyrra buplassen. Ved kysten er det tidlegare gjort funn for tilsvarande tidsepoke, men aldri i indre fjordstrok. 60 meter over havet Staden der pilspissen i si tid vart funne, ligg omlag 60 meter over havet. Ein reknar med at klimaendringar etter at isen begynte å smelte for 10.000 år sidan, førte til at denne buplassen enda i landskapet så langt over sjøflata etter ei landheving. Då buplassen var i bruk, låg den ved sjøkanten. – Vi reknar med at det var veidefolk som budde her. I fjellet ovanfor, ved Oaldsegga og Oaldsvatnet er det funne eit digert fangstanlegg med bogastø. Også ved Geitfjellet er der fleire bogastø, så truleg er dette jegerar som har følgd etter reinen i takt med issmeltinga. Men det kan hende dei budde her berre i periodar av året, seier Aakvik. Fleire har vore på Lundaneset sidan første flintstykka vart innleverte i 1929. Per Fett frå Bergen Museum var innom Lundaneset i 1948, og han tok ein del bilete på plassen og kartfesta den betre. Fleire funn I 1983, -54 år etter fyrste brevet til Lillebø - reiser så to utsendingar frå Bergen Museum for å registrere på Lundaneset. Dei undersøker eit område på 20x10 meter og gjer funn i tre av seks prøvestikk. Av flintreiskap vart det funne ei einegga pil, ei tangepil og ei kjerne. Høgdemåling med hjelp av nivellering gjer at funnstaden no blir justert til 66 meter over havet. Buplassen ligg innanfor høgste toppen på neset. Her går eit søkk som er 30 meter langt og 15 meter breitt og orientert nord - sør. Søkket er heller flatt og dei beskriv området som ein grasvaksen bø. Frå buplassen er det fritt utsyn over Sunnylvsfjorden i nord og Geirangerfjorden i sør.