FLUSUND I HERØY:

- Det er forferdeleg tragisk

Herøy er i sorg etter at fire ungdomar miste livet i ein bustadbrann søndag morgon.

Omkomne i branner i november og desember
Dagens dødsbrann i Herøy er ikke den første i løpet av de to siste månedene. Her gir vi deg en oversikt. * 2. november: Mann, trolig polsk statsborger, omkom i campingbrann på Ytterkollen i Nedre Eiker. * 9. november: Sju polske arbeidere døde i en boligbrann på Gulskogen i Drammen. * 12. november: En mann i 60-årene omkom i brann på Risøy i Haugesund. * 17. november: En 22 år gammel mann ble funnet død i en utbrent bil inne i Åkrafjordtunnelen på E134 i Hordaland. *18. november: En 88 år gammel mann døde da en enebolig brant ned i Garlibygda i Nord-Aurdal i Oppland. * 19. november: En mann i 60-årene døde av skadene han fikk i en brann på Myklebostad pleiehjem i Birkenes kommune i Aust-Agder. * 21. november: En 80 år gammel mann døde i en leilighetsbrann i Mo i Rana i Nordland. * 22. november: En 58 år gammel mann omkom i brann i en lavblokk på Åssiden i Drammen. * 23. november: En 39 år gammel mann ble funnet død etter at det brøt ut brann i en leilighet i en boligblokk på Mariåsen i Arendal. * 1. desember: En 80 år gammel mann omkom i en boligbrann i Ørsta. * 1. desember: En 88 år gammel mann omkom i en brann i et rekkehus i Saltdal. * 5. desember: En eldre kvinne omkom trolig som følge av røykutvikling i en ulmebrann i en trygdeleilighet på Støren. * 9. desember: En mann ble funnet død etter en brann i en hytte i Dalen i Tokke i Telemark. * 13. desember: Seks mennesker omkom i en brann i en bygård i Urtegata 31 i Oslo. Tolv ble skadd, en av dem alvorlig.
Nyheter

- No skulle liksom alt roe seg inn mot jul, men så mister vi i staden kommunens framtid i ein brann. Det er forferdeleg tragisk, seier ordførar Arnulf Goksøyr til Sunnmørsposten. Berre eitt og eit halvt år etter Bourbon Dolphin-ulykka er Herøy råka av nok ei tragedie med ungdomar involvert. Fire ungdomar frå 17 – 22 år miste livet då huset dei låg og sov i brente ned søndag morgon. Over 20 personar var på fest i huset laurdag kveld. Eit ukjent tal personar vart igjen på nachspiel ut over natta, i huset som var leigd av far til ein av dei omkomne. Det var ein gut i 20-åra som oppdaga brannen. Han kom seg unna då det tok fyr, men då var det allereie for seint for dei fire som sov i etasjen over. – Det er ein tung dag å vere ordførar på. Det er forferdeleg trist, gjentek Goksøyr. – Det var ein tung beskjed å få. Vi er eit samfunn i sjokk no, seier lensmann Per Otto Myklebust- LES OGSÅ: Desse fryktes omkomen

Får Kripos-hjelp

Det er enno uklart kva som kan vere årsaka til brannen. Sunnmøre politidistrikt har bedt om bistand frå Kripos for å finne ut kva som eigentleg skjedde. Det skal ikkje vere noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt. Politiet avslutta sitt arbeid på staden i 17-tida søndag ettermiddag. Tidlegare på dagen frykta ein at det kunne vere fleire enn dei fire i huset. - Men no er det ikkje noko som tyder på dette, opplyser politiet. Undersøkjingane på staden vil halde fram førstkommande onsdag. Då vil Kripos vere på plass i Herøy. LES OGSÅ: Ber om Kripos-hjelp

Samlast i sorg

Lokalbefolkninga både i Herøy og Hareid samlast i ettermiddag for å sørgje. Både rådhuset og kyrkjene i dei to kommunane er opna opp for folk. – Kyrkja open for alle, for samtala, stillhet og nærvær, opplyser sokneprest Michal Møster i Hareid kyrkje til Sunnmørsposten. 17 år gamle Kamilla Grimstad frå Hareid fryktast å vere er ei av dei fire som omkom i brannen. Ho skulle sjølv ha vore til stades i kyrkja i kveld. – Det gjer eit veldig tøft inntrykk og ungdomen vil gjerne samlast for å snakke ut. Heldigvis ser det ut til at dei er flinke til dette, seier Møster. Det vil bli halde ei minnestund anten i morgon eller tirsdag for å minne dei omkomne i Herøy.