Eldre vil kjenne matlukta

Bebuarar ved Vatne sjukeheim protesterer høgt mot at kjøkenet kan bli lagt ned. Dei er mellom anna redde for at gleda ved å kjenne matlukta blir borte.
Nyheter

«Vi protesterer høylytt på at vårt veldrevne kjøkken er planlagt nedlagt. Pasientene har stor glede av lukten av nylaget mat og bakverk. Dette gir økt matlyst og livsglede»; skriv vel 50 tilsette, bebuarar og pårørande i eit brev til kommunen. Forsvinn ikkje Bakgrunnen for uttalen er forslaget om å lage mat til nærare 200 eldre i institusjonar og heimar i eit stort sentralkjøkken i Brattvåg. Dette vil stå ferdig når den nye sjukeheimen vert ferdig ein gong i løpet av 2003. Det inneber at halvferdig middagsmat skal bli distribuert både til øyane i kommunen og til fastlandet, og må gjerast ferdig lokalt. I Kommunen vil spare nærare halvparten av kjøkkenpersonalet ein har i dag. Rådmannen følgjer forslaget frå konsulentselskapet Medvita om sentralkjøkken. — Eg trur ikkje matlukta forsvinn frå institusjonane. Tvert om vil ferdiggjeringa av maten kome nærare brukarane av tenestene, seier helse- og sosialsjef i Haram, Jan Farstad til Sunnmørsposten. Kok-kjøl Middagsmaten skal lagast etter kok-kjøl, metoden, som mellom anna blir nytta ved sentralkjøkkenet på Spjelkavikheimen i Ålesund. Det inneber at middagsmaten blir gjort nesten ferdig, og blir kraftig nedkjølt med det same. Dessutan blir han vakumpakka. Dette gjer at han vert meir haldbar. — Maten vil kunne lagast på kvardagar i vanleg arbeidstid, og bli distribuert til brukarar til dømes på øyane eit par gongar i veka. Det må han bli gjort ferdig framføre kvart måltid, seier Jan Farstad. Meininga er då at det vanlege personalet ved institusjonane skal ta seg av denne siste ferdiggjeringa. I dag er det elleve årsverk ved dei ulike kjøkkena på institusjonar i Haram. Ein trur ein skulle kunne redusere dette talet til seks. Dette er ikkje personalet ved Vatne sjukeheim særleg begeistra for. Ein meiner ein allereie er lågt bemanna ved sjukeheimen i høve gruppa av pasientar ein skal ta seg av. Personalet ser ingen moglegheit til å auke oppgåvene ein har. Vanskeleg med spesialkost? «Hygienemessig er det ikke å tenke på å gå fra skyllerom og pasientrom, rett til frokostservering eller middagsforberedelser. Et problem kan vi også se i forhold til medisinsutdeling. Det blir også vanskelig for pasienten å få spesialkost eller ønskekost», skriv personalet ved sjukeheimen. — Det er eit ekstra pluss at det er kort veg mellom pasientane og der ein lagar maten. Vi vil kunne tilpasse middagen til brukarane. Eldre som ikkje et steikt fisk, kan i dag til dømes få noko anna. Vi veit ikkje korleis dette vert i framtida. Dei detaljerte planane er ikkje laga, seier styrar ved Vatne sjukeheim, Bjørg Brynhildsvold til Sunnmørsposten. Ho kom attende frå permisjon etter nyttår, og har ikkje vore med på uttalen som er gitt. Sjølv om ho ikkje vil svekke uttalen, vil ho ikkje karakterisere stemninga som noko krise. Øvste hylle — Det er lite snakk om omlegginga, men for nokre har utryggleiken ved jobben spela ei rolle. Det er likevel lenge til dette eventuelt skal gjennomførast, seier Bjørg Brynhildsvold til Sunnmørsposten. Ho føreset at dei hygieniske tilhøva vil vere på høgden dersom den nye ordninga blir innført. — Hadde vi fått velje frå øvste hylle, ville vi likevel ha gått inn for eit lokalt kjøkken som i dag, seier styraren. Helse- og sosialsjef Jan Farstad meiner at for mange stillingar i dag er knytt til kjøkkendrift og ikkje direkte til pleie av pasientane. Føresettinga for den omstillinga som no er på gang i kommunen er at fleire ressursar skal rettast inn mot pleie av dei eldre. Han legg til at få har vore interesserte i å gje sitt syn på saka. Større menyval — Vil ein ikkje miste den individuelle tilpassinga når alt blir laga på eit sentralt kjøkken? — Eg trur at menyvalet vert lettare med denne måten å lage maten på. Sidan maten held seg betre, vil menyvalet også kunne verte lettare, seier Farstad. Han har ingen tru på at maten vil smake dårlegare ved denne måten. Også mykje av den restaurantmaten vi får i dag blir laga ved hjelp av denne metoden.