Gir ut ny Undset-bok om Sunniva

Over 70 år tok det frå Sigrid Undset skreiv historia om St. Sunniva til boka kjem på norsk. Borgny Dam-Nielsen frå Selje har sytt for å få ut boka ingen norske forlag turde å gi ut på slutten av 20-talet.
Nyheter

Som nyomvendt katolikk let Sigrid Undset seg fascinere av historia om St. Sunniva - den irske prinsessa som leid martyrdøden på Selja i Nordfjord. Men ingen norske forlag torde å involvere seg i det pro-katolske manuset ho skreiv om den tusen år gamle legenda. Nobelprisvinnaren i litteratur måtte til Tyskland for å gje ut boka. Først sommaren 2000 kom endeleg «Den hellige Sunniva» ut på norsk. Ein kan undre seg over at ei som nettopp hadde fått Nobelprisen i litteratur, ikkje fekk gjeve ut denne vakre, vesle boka med dei stemningsfulle illustrasjonane i Noreg. Sanninga er at det skapte ikkje så liten furore på 20-talet då Undset konverterte til katolisismen. Difor måtte ho ty til eit katolsk forlag i Tyskland. I 1928 skriv Undset til venen Gøsta af Geijerstam; «Jeg er netop blit færdig med Sunniva teksten og skal sende den til Ars Sacre. Saa er det da gjort. Jeg er ikke overlags fornøiet med den - den er litt rotet - eftersom jeg ikke har hat det som ligner en rolig arbeidsdag siden jeg kom hjem fra utlandet.» Det var denne hausten Undset vart tildelt Nobelprisen. Det forsvunne manuset Borgny Dam-Nielsen i Selje byrja leike med tanken på å gje ut Sunniva-manuset på originalspråket alt for seks år sia. Då las ho boka «Portrett av et vennskap» av Sunniva af Geijerstam Hagenlund, som fortel om det nære venskapen mellom kunstnaren Gøsta af Geijerstam og forfattaren Sigrid Undset. Saman vitja dei Selja sommaren 1926, og Sigrid Undset vart fullstendig bergteken av legenda og naturen der ute. To år seinare var manuset til «Den hellige Sunniva» ferdig. Det vart til slutt eit katolsk forlag i Tyskland som gav ut boka, som var illustrert av kunstnarvenen frå Dale i Sunnfjord. I 1934 gav Undset originalane til Katarinahjemmet i Oslo, der dei framleis er. Selje kommune fekk låne dei femten akvarellane til kulturdagane i kommunen i 1994. Tolv av desse Sunniva-bileta vart nytta til ei kalender til 1000-årsfeiringa av kristninga av Noreg to år seinare. — Aschehoug, som har rettane til alt Undset skreiv, hadde lita interesse av å gje ut boka så lang tid etter, så det var greitt for dei om eg gjorde det, fortel Dam-Nielsen. Ho driv sitt eige vesle forlag «Scriptoriet» i Selje. Dermed byrja leitinga etter originalmanuset. Svigerdottera til Sigrid Undset, Christianne Undset Svarstad, meinte det ikkje eksisterte på norsk, men tilbaud seg å omsetje boka attende frå tysk. Hausten 1997 fekk Dam-Nielsen ein tjukk bunke sirleg handskrivne ark - «Den hellige Sunniva» var attende i originalspråket. — Like etter døydde Christianne. Då familien gjekk igjennom dødsbuet på Bjerkebæk, dukka likevel Undset sitt eige manus opp. Eg høyrde det på Dagsrevyen, at dei hadde funne eit ikkje utgjeve originalmanus, og eg tenkte; det kan då vel ikkje vere mitt! Men det var det, og ganske likt den oversettinga Christianne hadde gjort før ho døydde, seier Dam-Nielsen, som i den norske utgåva har halde seg mest mogleg til det originale manuset til Undset. — Det einaste eg har gjort er å endre aa til å og byta ut ein del tankestrekar til komma. Katolsk «propaganda» Etter reisa til Selja i 1924, ynskte Sigrid Undset å kjøpe ei hyttetomt på øya. Men presten, som også sat i kommunestyret, sette seg i mot dette. Han var redd det skulle verte ein katolsk kyrkjelyd der ute. I følgje breva til venen Gøsta af Geijerstam i Dale var mistanken ikkje grunnlaus - Sigrid Undset kunne godt tenkje seg eit lite kapell på Selja. Den katolske forfattaren gav til slutt opp planane, etter lang tids kamp mot Selje kommune. — Men det er spennande å tenkje på kva som kunne vore der ute dersom Undset hadde fått kjøpe denne tomta, filosoferer Borgny Dam-Nielsen, som sjølv er humanetikar. — Katolisismen hadde ei oppbløming på byrjinga av 1900-talet, og vi som lever i dag kan ikkje forstå den redsla for katolisismen som rådde innafor kyrkja. «Den hellige Sunniva» inneheld også mykje meir enn legenda om den fromme prinsessa frå Irland og alle dei under som skjedde i etterkant. Mellom linene lyser Undset si eiga inderlege gudstru - og ikkje minst den katolske kyrkja sitt bilete på heilage menneske og hendingar. Ho samanliknar dei to kongane som kristna Noreg - Olav Tryggvasson og Olav den Heilage. Den første søkte eventyret, men for den andre var Gud det einaste eventyret. Det var Olav Tryggvasson sjølv som fann Sunniva i ruinhaugen i Sunnivahola. Som ei sovande gjetarjente som kunne vakne kvar tid som helst. Interessa for religion Undset kan ha rett i at boka er rotete. Teksten ber preg av ei inderleg interesse for historie generelt, legenda og kva Sunniva hadde å seie for kristninga av Noreg. Den same interessa for menneske og tru har Borgny Dam-Nielsen. — Eg er nysgjerrig på korleis folk reagerte i middelalderen då protestantismen vann innpass. Og korleis var det for tusen år sia, då alt det folk trudde på og rekna som rett og riktig brått vart heilt forferdeleg. Plutseleg var Tor og Odin noko syndig og fælt. Verda vart snudd opp ned for dei. Eg tenkjer mykje på korleis dette har påverka oss. Kristendom gjennom tusen år har sett spor.... Humanetikaren er oppteken av at folk må ha respekt for kvarandre, sjølv om ein ikkje trur på det same. For to månader sia innleidde ho om arbeidet sitt på eit presteseminar. I tillegg til å gje ut bøker, arbeider ho som frilansjournalist, tekstforfattar og sel - av alle ting - klosterlys. Dei får ho laga hos ein god ven som er munk i eit kloster i Nederland.