Kongens gull til skredforskar

Lokalhistorikar og skredforskar Astor Furseth vil bli tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

  Foto: Kjetil Tandstad

Nyheter

Furseth er i tillegg til skredforskar også forfattar og lokalhistorikar. Han var også tannlege på Færøyane i 11 år. Frå 1978 og fram til han gjekk av med pensjon var han distriktstannlege i Norddal kommune.

Han mottek utmerkinga grunna sitt lange og omfattande virke innanfor skredforsking.

De siste 15 årene har Furseth hatt fast engasjement opp mot Norges Geologiske Undersøkelse (NGU). Han har vore i førarsetet når ein har arbeidd fram ein nasjonal skreddatabase som NGU har ansvar for. Furseth har dokumentert viktige skred, og har skrive fleire bøker om Tafjordulykka – eit emne som han har heldt foredrag om over heile landet.

Han har og hatt ei stor rolle med å få på plass overvakinga knytt til Åknes/Tafjord, med det resultat at ein no har eit svært avansert overvakingssystem som gjer at folk kan ferdast og bu trygt langs fjordane, heiter det i ei pressemelding frå Norddal kommune.

Medaljen vert overrekt av Fylkesmann Lodve Solholm under eit middagssamkome i Norddal måndag 19. april.