Unngår millionstraff

Men Helse Midt får massiv kritikk i ambulansedom
Nyheter

– Helseføretaket si skandaløse behandling vart vår bane, og slutten på 33 års ambulansedrift. Denne dommen bør ankast.

Det seier dagleg leiar Per Morten Bjørlykke i Herøy-firmaet Akuttkompetanse AS.

Firmaet la 1. januar 2008 ned ambulansedrifta etter 33 år, som ei direkte følgje av det Bjørlykke meiner er skandaløs sakshandsaming frå fagfolk i Helse Sunnmøre.

– Vi skulle skvisast, seier Bjørlykke.

Massivt
Akuttkompetanse gjekk i mars til Søre Sunnmøre Tingrett med krav om 9,2 millionar kroner i erstatning frå Helse Midt-Norge. Bakgrunnen var at Akuttkompetanse i 2007 tapte ei anbodsrunde om ambulansetenesta i Hareid/Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Denne veka var dommen frå tingretten klar: Helse Midt slepp å betale ei krone i erstatning, trass i at retten kjem med massiv kritikk mot sakshandsaminga.

Rettspraksis
– Etter å ha skumlest dommen, trur eg at vi kjem til å anke til lagmannsretten. I to nesten identiske saker, ei i Haram og ei i Nord-Trøndelag, vart Helse Midt dømt til å betale erstatning, Bjørlykke.

Utskjelling
Saksøkjar meiner det er kontraktsjef Bård Skage i Helse Midt og tre mann frå Helse Sunnmøre som gjorde seg skuldige i grove feil i vurderinga av anboda – innkjøpssjef Hallgeir Hartvigsen, overlege Per Christian Juvkam og ambulansesjef Geir Grimstad.

Grimstad var inhabil, meiner saksøkjar, og grunngjev dette med eit motsetnadsforhold mellom Grimstad og Per Morten Bjørlykke. Dette skal ha toppa seg i 2006, då Bjørlykke hevdar han vart utskjelt av Grimstad. Retten meiner dette berre var faglege motsetnader, og finn ikkje at Grimstad var inhabil.

Graverande
Men retten finn det kritikkverdig at kontraktssjef Skage midt i prosessen sette til side dei lokale gruppene, og føretok si eiga evaluering.

Retten meiner spelereglane vart endra utan at dette vart varsla på førehand, og at det er å rekne som sakshandsamingsfeil.

Vidare er retten svært kritisk til manglande informasjon og fråver av dokumentasjon i ein prosess som gjekk ut på å inngå avtalar til 1,6 milliardar kroner. Retten meiner Helse Midt har gjort seg skuldige i brot på god forretningsskikk.

Først etter at tildelinga var påklaga, skreiv Skage ei kort grunngjeving for sitt resultat.

– Denne mangelen på dokumentasjon er et klart og graverende brudd på de grunnleggende reglene om gjennomsiktighet og etterprøvbarhet, skriv dommar Kirsti Hammerø.

Misvisande
Men retten konkluderer med at dei mange feila ikkje var avgjerande for at Akuttkompetanse tapte anbodsrunden. Dermed slepp Helse Midt å betale erstatning.

Trass i at Helse Midt vann saka fullt ut, slepp Akuttkompetanse å betale sakomkostnader. Årsaka er at retten meiner Helse Midt-Norge kan klandrast for å ha gitt urette og misvisande opplysningar til Klagenemnda for offentlige anskaffelser.