- Elevane får opplæring i feigheit

Lærarane krev omkamp om anonym lærarvurdering. Sei di meining.
Nyheter

Fylkesleiar i Norsk Lektorlag og realfaglærar i Volda, Olav S. Myklebust, er ikkje nådig når han karakteriserer undervisningsevalueringa som no blir innført.

- Saka må takast opp att, for politikarane er førte bak lyset. I saksutgreiinga mangla ei rekkje negative tilbakemeldingar frå skulane som har erfaring med ordninga, seier Myklebust.

Lua i handa

Frå hausten skal alle vidaregåande-elevar i fylket anonymt vurdere læraren sine sterke og svake sider, blant anna kor motiverande vedkomande er.

- Etterpå må læraren stå nærast med lua i handa framfor klassen og oppsummere kva han eller ho ikkje er god nok på, seier Myklebust. ---- Deretter må læraren sende den anonyme vurderinga vidare til avdelingsleiar.

- Truleg går resultatet vidare oppover i systemet også. Og om ein lærar skårar dårleg, er det ikkje noko system for å handtere det.

Først ute

Volda vidaregåande skule var ein av dei tre første skulane som vart med i ei prøveordning om slik evaluering. Det var for to år sidan.

Både Myklebust og elevane i biologiklassa hans meiner heile ordninga er ein blindveg.

- Unødvendig bruk av tid. Langt betre å bruke tida på undervisning, og ta opp eventuelle problem direkte med læraren, seier Marie Humberset, til samtykke frå klasseveninnene Janita Førde og Rebecca Batts.

Russejentene har to års erfaring frå anonym lærarvurdering.

Dei trur dei har brukt eit par titals timar i året på denne anonyme vurderinga.

- Eg skjønar ikkje poenget. Evalueringa vert ikkje følgd opp, seier Rebecca.

Jentene trur slike anonyme tilbakemeldingar kan vere ei ekstra belastning for enkelte lærarar.

Mistillit

Det er Myklebust samd i.

- Vi lærarar vert evaulerte heile tida, både gjennom opne samtalar med elevane og foreldra. Og er det problem, kan elevane sjølvsagt ta det opp anonymt, til dømes gjennom tillitselev, seier han.

- Mange lærarar har også sjølve tatt initiativet til at elevane skal evaluere dei. Men når politikarar trer ei ordning med anonym vurdering ned over hovudet på oss, er det mistillit sett i system, meiner Myklebust.

I løpet av ti år vil halvparten av lærarane i fylket gå av med pensjon. Myklebust ser mørkt på rekrutteringa til yrket om lærarane må jobbe under slike forhold.