Herøynytt selt til Sunnmørsposten

Sunnmørsposten overtek 80 prosent av aksjane i Herøynytt AS i Fosnavåg. Selskapet driv nettstaden med same namn, heiter det i ei pressemelding.
Nyheter

Herøynytt AS har kontor i Fosnavåg i Herøy kommune.

Herøynytt vart skipa i 2007, men nettstaden heroynytt.no vart sett i drift alt i 2002. Selskapet har vore eigd av gründarane Aleksander Pettersen, John Birger Våge, Daniel Kvalsvik og Daniel Håheim. Herøynytt AS står føre ein vidare ekspansjon i sin marknad og ei vidareutvikling av nettstaden.

Blir med vidare

Tre av gründarane blir med i selskapet vidare som minoritetsaksjonærar.

Ved kjøpet av Herøynytt AS styrker Sunnmørsposten sin posisjon som eigar og drivar av nettstader som først og fremst dekker sine nærområde, men som over tid også vil gå inn i eit nettverk av lokale nettstader på søre Sunnmøre og på Nordvestlandet, seier adm.dir. i Sunnmørsposten AS, Lidvar Flydal, i ein kommentar.

Nettbasert redaksjon

Herøynytt har skaffa seg ein posisjon i nærområde, først og fremst som eit nettbasert redaksjonelt tilbod, men også som ein reklamekanal for annonsørar som ønskjer å bruke digitale kanalar i si marknadsføring.

Denne posisjonen skal utviklast vidare, gjennom eiga drift, men også i samarbeid med andre mediehus i Sunnmørsposten konsern. Herøynytt vil ha eigne tilsette, både til redaksjonelt arbeid og til sal av nettreklame.

Utvikle vidare

Styreformann Aleksander Pettersen seier i ein kommentar at gründarane er glade for at Sunnmørsposten AS vil ta over og utvikle Herøynytt vidare. Sunnmørsposten har lang røynsle med utvikling av nettbasert tilbod til lesarar og annonsørar. Herøynytt vil i den vidare utviklinga dra nytte av dette.