Pluss i svak sesong

Færre hotellgjester brukte mindre pengar. Likevel blei det overskot for Hotel Alexandra i fjor.

  Foto: Anne-Mari Tomasgard

– Det er ein stor nedgang i kurs- og konferansemarknaden

Richard Grov, direktør Hotel Alexandra
Nyheter

– Ut frå situasjonen i 2009 så er vi veldig godt fornøgde med resultatet. Vi kom godt i mål, og klarte oss nok betre enn mange andre i bransjen, oppsummerer hotelldirektør Richard Grov.

Det han ikkje er fornøgd med er at det var nedgang i talet på gjester og at det framleis er tunge tider i bransjen.

Stramma inn

Konsernet hadde underskot i 2008, men kom ut med eit par millionar i overskot i fjor.

Dårlege utsikter gjorde at hotella valde å spare inn på personal- og driftskostnader. Det førte til at resultatet trass alt blei bra, utan at det gjekk ut over standard og service.

Færre gjestar

Til saman hadde hotella 8.000 færre gjestedøgn i fjor, samanlikna med året før. Det er ein nedgang på over sju prosent.

Alexandra åleine hadde 864 færre norske og 4.800 færre utanlandske gjestedøgn. Utanlandsbesøka svikta med over 30 prosent, og mest nedgang var det frå Storbritannia, Spania, USA og Brasil.

Kuttar middag

Når Grov ser heilt tilbake til toppåret 2007, er endringa i marknaden tydeleg.

– I forhold til 2007 hadde vi i fjor 13–14 prosent nedgang i gjestedøgn. Omsetninga gjekk ned med rundt ti prosent, fortel han.

Grov meiner at gjestene i dårlege tider brukar mindre pengar. Dei kuttar gjerne ut middag og legg att mindre pengar i hotellrestauranten.

– Men dette endrar seg fort. Det handlar om psykologien i marknaden. Media påverkar veldig, men så normaliserer det seg etter ei stund, seier han.

Kursfall

Hotella merkar også at kommunar, fylkeskommunar og staten sparer pengar.

– Det er ein stor nedgang i kurs- og konferansemarknaden, seier Grov og viser til nedgang på heile 20 til 30 prosent.

Her merkar Alexandra at andre har investert pengar for denne marknaden, og konkurransen er hard.

Grov meiner hotella på Gardermoen har hatt gode tider når arrangørar skal spare på overnatting og deltakarane reiser fram og tilbake på dagen. Men no merkar sjølv desse hotella at det er tøffe tider.

Spent

I Loen er dei no spent på korleis årets sommarsesong vil bli.

– Vi begynte turbulent i januar og februar. Også mars var dårleg, men både april og mai har vore gode månader, fortel Grov.