Idolmøte for gospeljenter

Jentene i songgruppa Seven fekk mange beundrande blikk under helgas barnegospeltreff i Herøy.
Nyheter

– Eg har to dvdar og fleire cdar, fortel Sigrid Elise Muren Olsson.

6-åringen frå Volda snakkar om Seven-jentene, som ho fekk synge saman med under barnegospeltreff i Herøy kyrkje.

– Eg er med for å få treffe Seven-jentene. Det er kjempekjekt, seier venninna Hedda Øvereng (6).

Stort treff

Dei to Volda-jentene var mellom nærare 90 songglade born med på barnegospeltreffet som vart arrangert i samband med Maritim Sommarfestival. Etter timar med øving var det klart for konsert laurdag. I tillegg song barnegospelkoret saman med Seven under søndagens storfamiliegudsteneste.

80 konsertar

Seven-jentene er ei gruppe med medlemmar i alderen 9-12 år. Når medlemmar blir for gamle får nye mulegheita til å vere med etter audition. Guro-Helene Sørdalen er ei av jentene som har vore med songgruppa i eit år.

– Det er veldig morosamt å vere med i Seven. Vi får treffe mange born og får reist mykje rundt i Norge, fortel Guro-Helene.

Berre i år har jentene totalt 80 konsertar, og i november kjem dei med ny cd.