I rosa tyll på toppen

Ma Ortiz elskar kjolar. Og fjell. Dermed vart det rosa tyll på toppen av Nordre Sætretind, 1365 meter over havet.

Å gå med kjolen er ein del av reisa

Ma Ortiz
Nyheter

– Det var berre heilt herleg. Eg lo i ei veke etterpå. Vakna om natta og måtte berre le.

Ho ler endå, fotograf Ma Ortiz frå Ørsta, når ho tenkjer på skituren til Nordre Sætretind i slutten av mai i år.

Strålande vêr, nydeleg føre, godt selskap og ein draum av ein rosa kjole i sekken.

Kjoledame

Ma Ortiz er sjølverklært kjoledame. Ho går alltid i kjole, gjerne med sterke fargar. Kanskje ikkje det mest praktiske antrekket for ein strabasiøs fjelltur. Men når ein er heimvend ørsting og oppdagar fjella her, tindane, og i tillegg likar tyll og lange kjolar, ja, då kan det altså gå som det gjekk.

– Først etter at eg flytta tilbake til Ørsta i 2008, var eg på min første skikkelege fjelltur. Det var til Skårasalen, og det var fantastisk.

Fjellfrelst

Sidan har ho vore på mange fjellturar, men denne i slutten av mai er av dei meir spesielle. Den rosa kjolen vert pakka ut undervegs.

I fotsid serk trakkar Ma Ortiz mot toppen.

– Ein del av reisa er å gå med kjolen. Å sveitte opp motbakkane med tyll rundt føtene, og til slutt stå der på toppen i prinsessekjole. Ei absurd kjensle. Kontrastane blir så store.

Prosjekt

Ma Ortiz ler igjen. Tidlegare har ho portrettert seg sjølv i studio, i tyllkjole. No vil ho ta det litt lenger, og har gjort tyll på tind til eit fotoprosjekt.

Tanken er å sende prosjektet inn til ein konkurranse, der vinnaren får stille ut i Oslo.

– Tenk deg det då. Meg og tyllkjolane mine på toppen av vakre sunnmørsfjell. Det hadde vore noko å vise dei i Oslo.

Ball

Nordre Sætretind fekk æra av å opne ballet. Ny tyllkjole er bestilt, og på veg i posten. Neste tind er peika ut, men det er visst litt hemmeleg kvar turen går.

– Det var eigentleg ikkje meininga at så mange skulle vite om kjoleprosjektet. Men ryktet har spreidd seg, og eg har fått utruleg mange kjekke tilbakemeldingar. Og så er det så mange som vil vere med på neste tur, at eg har måtta lage venteliste.

Aldri sur

Det regnar i dag, men Ma Ortiz skal på ein aldri så liten fjelltur likevel. Ikkje i kjole denne gongen, men snart.

– Naturen her hos oss er heilt rå. Eg vil verkeleg oppmode folk om å gå i fjellet. Kan hende møter dei meg i tyll, då, seier fotograf Ma.

Og så ler ho litt igjen.